Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon
-Det er viktig å arbeide i takt, seier Åse Johanne (Riise). Om ho siktar til sin kjære Asbjørn (Moe) er vanskeleg å seie, men der er ingen andre enn dei to med rive. Og etter at Asbjørn får justert litt på tempoet snur dei no det nesten tørre graset fint i takt og to fine skårar vert liggande etter dei – sjølvsagt vendt mot sola.
Fem og fem skårar vert her raka saman før sæting. Ikkje heilt i takt, men det retta seg raskt - berre Asbjørn fekk øve litt.
Slått med romantikk
Tidlegare i sommar har vi i Møre-Nytt lese om ein annan måte å tørke gras på, nemleg hesjing. Men for å seie det rett ut; hesjing er keisame greier – og svært lite romantisk. Ikkje slik med småhøyslåtten på seinsommaren. No er det rett nok ingen som slår småhøy lenger, men vi som hugsar nokre tiår attende veit at småhøyslåtten var noko dei fleste såg fram til – denne slåtten var vel det næraste ein bondefamile kom det som kunne kallast ferie. Og dei som var litt eldre la nok merke til at damene var lettkledde. Det er nok ikkje å ta for sterkt i å hevde at hadde det ikkje vore for småhøyslotten så hadde den sunnmørske bondestanden døydd ut for lenge sidan.
Eg sa at småhøyslåtten var slutt, men det viste seg ikkje å vere heilt sant. Sist veke oppdaga eg snudd småhøy hos naboane i Jensgarden her på Årset i Bondalen. Det var det ugjødsla graset på Lødebakken som var slege – rett nok for det meste med slåmaskin, men Asbjørn hadde òg brukt ein nyslipt- og nybrynt småljå til finpussen.
Slik skal det gjerast - snuing i takt
Kofse, snu og sæte
Lødebakken er fri for tre og kratt så Asbjørn og Åse Johanne slapp å bere graset fram til ein solrik plass, men dei både kofsa, snudde og sætte graset i løpet av dagen – og sjølvsagt kasta dei såtene om morgonen – etter at sola hadde tørka dogga. No vil vel nokre seie at det ikkje kan vere store utfordring i å tørke noko gras på mark i sola; det er berre å køyre over nokre gonger med traktor og høyvendar. Slike påstandar er det berre å sukke og oie seg over. Der dei i tidlegare tider slo småhøy hadde sjølv ikkje ein moderne traktor teke seg fram. Nei, småhøytørking krev tre dagar med sol og finevêr - i tillegg til den tida ein treng å slå - og helst mykje folk, veit Åse Johanne å fortelje.
Etter at såtene var kasta utover – juksemakarane brukte gaffel, dei andre berre hendene – måtte graset kofsast, dvs. jamnast utover med rive. Under dette arbeidet måtte kofsarane rygge/otre, nærast slik som hesten. Gjekk ein framover under arbeidet vart det nykofsa graset trakka ned og tørka dermed dårlegare.
Høge og luftige såter får ein når fotoarbeidet er godt. Asbjørn overlet sætinga til fagfolk, dvs. Åse Johanne
Snuing etter middag, sæting før solnedgang
Etter ei god middagsøkt skulle graset/høyet vendast/snuast. Det optimale var fem personar med rive til dette arbeidet, meiner Åse Johanne – småhøyslåtteksperten i Jensgarden. Dei fem gjekk nærast på eit skrått geledd og det vart arbeidd i takt under snuinga for å halde tempoet oppe og ikkje minst unngå rot. Asbjørn snakka noko om kvinnfolkarbeid, men det vågar eg ikkje å nemne her. Men dagen var enno ung. Før søla hadde gått ned var det avgjerande at graset/høyet var sætt, dvs. lagt i såter. To personar gjekk då side ved side og raka to og to skårar inn mot den femte skåren. Denne store skåren vart så gjort om til små såter ved hjelp av riva og eit elegant fotarbeid. Høge og lette såter på rette linjer synte at det var fagfolk som hadde utført arbeidet.
T.v.: Åse Johanne sin spesialitet er sæting, Asbjørn veit at ei god kvilestilling er avgjerande for eit godt arbeid etterpå.
T.h.: Med tåler riva dette, Åse Johanne? I alle fall vert det ei flott mue som er lett å ta att når høyet skal køyrast inn.
Høyet inn
Som vi ser av fotoa både vender og sæter Åse Johanne og Asbjørn høyet omtrent samstundes. Slik gjer ein det sjølvsagt ikkje i praksis, men dette vart gjort nærast som rein undervisning slik at ynge folk kan lære. I alle høve - denne dagen/kvelden var den tredje med godt vêr og det tørre og godluktande småhøyet inn i Jensgarden skulle i hus. Det beste hadde nok vore om Asbjørn hadde hatt hest og vogn, men den eldste traktoren på garden gjorde nytta. Her må det skytast inn at sjølv Åse Johanne nærast gjorde noko ulovleg – ho skuva saman høyet i den skåren til ei mue (mue; stor såte med høy) ved hjelp av riva. At rive vart brukt til slikt noko likte ikkje far hennar, Ludvik Riise, og sikkert heller ingen andre rivemakarar. Arbeidet gjekk nok raskare, men river brukt til slikt arbeid kunne lett bli øydelagde.
Heilt til slutt må det nemnast at sjølv om både Åse Johanne og Asbjørn er aktive mjølkeprodusentar så føder dei nok ikkje ei ekstra ku eller kalv på småhøyet frå Lødebakken. gjennom vinteren. Nei, det er huskanina Peti som får høyet. Ho kan sjå ein eventuell ny, kald vinter varmt i møte. Peti er nemleg no sikra både mat og varme – og det heilt utan hjelp frå Tussa.
Og så vert det godluktande småhøyet lasta på svansen og køyrt inn i småhøystålet i eine skotet. Ok, løda i Jensgarden har vel ikkje lenger skot eller småhøystål, men inn kom høyet.
Knut Hustad
- ein som har lært
P.s.: Kom gjerne med namn, ord eller uttrykk som vart brukt i samband med småhøyslåtten. Legg att ein kommentar under.
d.s.
Kommentarar