(Denne artikkelen var trykt i "Møre-Nytt" tidlegare i veka. Men vi veit at ein del av portalbrukarane ikkje held "Møre-Nytt" og samtidig ønskjer dei å få med seg stoff frå Hjørundfjord.)
Det kunne vere strevsamt for geitebonden når geitene skulle hentast heim til mjølking. Men når kjea og bukkane skulle hentast heim frå fjellbeita om hausten, var det vere ekstra slitsomt og dramatisk.
Hjørundfjord Kulturvernlag har uttrykt ønskje om å få registrert korleis utmarkbeita i fjorden vart brukte tidlegare. I dette ligg ei oppmoding til folk i bygdene om å notere opplysningar om geithaldaren sine sankarturar på linje med dei opplysningar ein har omtala om sæterbruket i tidlegare tider.
Strandgarden Stenes har tradisjon med omfattande geithald tilbake til 1935. Med få dekar dyrka jord på innmarka, var det likevel råd å ha ein bra geitflokk. Geita, bukkane og kjea kunne utnytte utmarkbeita i det bratte terrenget som ingen andre husdyr. Vi omtalar her korleis utmarksbeita blir brukte i dag, men legg hovudvekta på korleis det var tidlegare.
Dei daglege turane på beitet
Utmarkbeita vart tidlegare utnytta så langt det er råd. Kjea var ein viktig kjøtressurs og beitte høgt til fjells og langt borte frå heimebeita som vart reservert for mjølkegeitene.
Lia nedom fjellsida og ovanfor bøgarden på Stenes og stranda har vore daglegbeitet gjennom åra. Men det hender at dei søkjer opp i nedste feltet (markert) ovanfor. Om dei må hentast her oppe, er det godt å ha med potetgrev som fjelløks. I det øvste, markerte området kunne kjeflokken gå i lange bolkar og søkte som oftast ned sjølve når maten tok slutt. Men når dei ikkje kom ned, måtte ein ha fjellklatrarar med fullt utstyr. I slike tilfelle var det sjeldan ein fekk dyra ned i live.
No vert beiteområdet stort sett avgrensa til lia nedanfor fjellveggen og ovanfor heimebøen eller stranda. Både kjea som skal leve vidare – knapt 40 - og mjølkegeitene – 114 i talet - er samla på sine daglege turar. Geita utfører ein viktig ryddejobb og held beitet nær skogfritt. Dei daglege turane går over fleire kilometer dersom veret er godt. I vest går flokken ut til Stålbergneset og i aust nærmar ein seg grensa til Norang.
Det er i dette beiteområdet brukaren ønskjer at mjølegeitene skal halde seg i sommarhalvåret. Dei vert mjølka om morgonen og deretter vert dei sleppte ut. Når det nærmar seg nonsleitet, stølar dei seg ovanfor bøleet og kviler ut etter beiteturen. I solskin ligg dei i skuggar frå storbjørk og jortar – tygg maten for andre gong. Klokka fem opnar Jon Stennes grinda øvst i geila og så går dei strake vegen til fjøset og finn sin rette plass der. Der ventar lokkemiddelet – kraftfor – som er hovudgrunnen til at geita vender heim til fjøset sjølv, utan dagleg sanking.
Geitflokken på beite under fjellfoten.
Kulturlandskapet
I løpet av denne daglege vandringa plukkar geita toppane av spirane til ny skog og strekker seg opp etter greiner og blad på busker. Der det er skog, særleg gråor, gnagar dei av borken rundt stamma så høgt dei rekk og etter kort tid visnar treet. Det er mest berre stor bjørk som får fred.
På denne måten ryddar geita sine eigne beiteområde slik at lyset slepp til og gras, lyng og spirar på marka får godt vekstgrunnlag. Beitelandskapet til geita er difor heller snautt for skog og med det unngår ein den massive gjengroinga som er så markert no etter at det har minka med beitedyr i utmarka.
På beite i ”blanke” berget
På nordsida av Stålberghornet, mot Norangsfjorden, hender det at både geitene og kjea finn vegen opp over berga høgare oppe. Dette området ligg ikkje så langt oppom lia og kan gå inn i den daglege beiterunden. Men tidlegare var det ofte slik at dei vart gåande att og måtte hentast heim til kveldsmjølking. Dette kan ha samanheng med dårlegare lokkemiddel. Før vart det helst brukt saltsild for å venje dyra til å kome heim sjølv, no er det kraftfor som blir brukt. Når dei før måtte hentast, var det å ta potetgrevet fatt og stikke opp gjennom lia og opp i berget, kome seg opp om dyra og vende dei ned. Det vart sagt at potetgrevet var ei godt til tindeøks oppover og god til bremse nedover.
Fjellklatrarar
Den tida då den store kjeflokken gjekk for seg sjølv, ofte saman med bukkar, kunne dei hamne opp i dei øvste området i fjellsida ovanfor Stenes. Dette er eit svært vanskeleg terreng og berre nokre stader er det gåande for folk i tørt ver. Her oppe måtte ein tidvis gå fatt i fjellklatrarar med tau og boltar. Eit år på 1960-talet minnast ein at berre eitt dyr kom ned i live, resten hamna utfor og slo i hel. Men det er alltid slik at det vert sett mykje inn på å berge livet til dyra.
Geiteflokken har gjort unna dagens rydde- og beiterunde. Jon Stennes har opna leet i bøgarden og då er det strake vegen til sin eigen plass i fjøset der lokkemiddelet, kraftforet, ventar.
Når det vart haust og dei næraste beiteområda var oppbrukte, strekte den daglege turen for mjølkegeitene seg vest til Stålbergneset og innover eit stykke i Viddalstranda. Då måtte ein rekne med at geitene måtte hentast til kvelden. Steneskarane rodde utover langs Stenes-stranda og inn langs Viddal-stranda så langt ein måtte for å få vende geitene på heimveg. Oftast måtte ein jage dei over Kollen (sjå biletet) og nedover ein skråveg (Snevegen) og heim. Då var det kjærkome med ein lettbeint dreng eller unggutar.
I Viddalstranda og på Stålberghornet
Dei første ti-åra med geitdrift, var det slik at kjea tidleg vart skilde frå mødrene og førte med færing til stranda innover mot Viddal og sette i land ved Gallsteinane eller ved Sævåg. Frå fjorden beitte dei seg oppover i fjellet etter kvart som veret var bra og beita nedanfor minka. Høgt oppover i denne fjellsida lyser det irrgrøne graset og tanken på morgondagen var fjern for kjea.
Dei første ti-åra med geitdrift vart Stenes-kjea vart førte i båt om våren innom Stålbergneset og sette i land ved Gallsteinane og Sævåg i stranda innover mot Viddal. Utover sommaren beitte dei på dei grøne områda oppover i liene og hamna gjerne øvst oppe mot toppane før dei skulle sankast tidleg i september.
Etter som sommaren minka, kunne kjea hamne oppe på Stålberghornet eller oppe i Helgådalen mellom Konehornet og Stålberghornet.
Dette var eit veldig krevande parti for dei som skulle sanke dyra heim før vinteren. Vi kjenner ikkje til ulykker i dette området, men vi har i friskt minne ulykka ved Molaupen i 1971 då 7 mann sette livet til.
I skorfeste
Når dyra går seg faste medan det er glatt berg, ordnar det meste seg når godveret kjem og berget vert tørt. Kjea har gummimjuke puter under klauvene med skarpt horn ytst som fester godt. Men det hender dei blir lurte. I eitt av gjøla var det slik at ein fonnbre bråna og returvegen vart uråd. Og når det ikkje er alternativ, står dyra i skorfeste. Då ventar gjerne både tørste og matmangel.
Her er sankarruta frå Gallsteinane og opp på Stålberghornet. Tre timar gjekk med om alt utvikla seg greit, andre tider gjekk det fem timar.
Synske Olga Tandstad kunne vere til god nytte når ein ikkje kunne finne dyr. Det gjekk fleire gonger brev og handtegna kart frå Stenes til Sykkylven og ofte kom det gode svar tilbake.
Ole Rønning, dreng på Stenes i sju år, fortel under ein helikoptertur over Viddalstranda og peikar:
- ”Der borte ved den breen i gjølet, fann vi fleire kje som sto faste. Det var ho Olga Tandstad, som var synsk, som meinte at vi skulle leite nær det gjølet. Vi måtte tilbake til Stenes og hente tau og neste dag laga vi oss taustige som hang delvis i friluft. Eg kom meg ned, batt tau i eitt og eitt kje og dytta opp, medan Nils - gardbrukaren sjølv - sto oppe på kanten og drog og tok mot. Dette er nok noko av det vanskelegaste eg har vore med på for å berge kjea.”
Ruta opp frå Sævåg kunne ende på Stålberghornet (t.v.) eller over Sævågskaret. Her brukte ei alltid å ha med tau.
Høgt opp og over fjella
Som ein del av sankinga galt det å skaffe seg oversikt slik at ein visste kvar dei gjekk og talet. Jon Stennes fortel at dei kunne ligge opptil fjorten dagar i robåt på fjorden med kikkert for å finne kvar kjea og bukkane gjekk.
Når det var klarlagt kvar dyra kunne finnast, gjekk ein i land og henta ned til båten dei som gjekk nedst og som ein kunne få vendt ned til stranda. Men som oftast var dette godt utkvilte dyr som knapt hadde sette menneske på fleire månader. Då bar det gjerne til fjells, høgt til fjells og over fjella. Dersom bukkane, som gjerne var saman med kjea, ikkje vart utslitne, kunne det ta vel tre timar opp på Stålberghornet. Dersom dyra spreidde seg eller ikkje ville gå, kunne det for vekk gå fem timar på denne oppoverturen.
Frå Stålberghornet eller frå Sævågskaret var det viktig å halde høgde aust gjennom lia for å leie dyra vidare over skaret til Konedalen. Dersom flokken hamna nede i dalen var det fare for at dei kunne stikke ned over dei bratte hamrane i Stålberghornet vest for Konehornet.
Vegen vidare gjekk austover til Helgådalen. Det verste som kunne skje der, var at kjea vende ned i botnen av dalen og søkte nordover i det hengebratte området aust i Stålberghornet. Då måtte sankarane gje opp. Det var difor viktig å halde dyra oppe i høgde i sørdelen av Helgådalen og få dei beine vegen opp skaret og ned i Konedalen.
Kom ein seg over i Konedalen, rekna ein at det verste var gjort. Då var det grei rås til Norang og ut gjennom stranda til Stenes. Men somme tider seig mørkret på her oppe i Konedalen og då måtte dyra forlatast her og hentast neste dag.
Endeleg heime
Då var det verste gjort. Denne dalen leia ned mot Norang. Her var det grei rås og så var det berre å ta fatt på den tre kilometer lange stranda utover til Stenes. Men det gjekk ikkje alltid slik. Kjea nektar å gå når det vert for mørkt. Det er døme på slike langturar då ein måtte forlate kjea i Konedalen fordi mørkret seig på og då var det ”berre” å hente dei neste dag.
Det var vanleg at brukaren på Stenes leigde med seg fleire mann i tillegg til dei som høyrde garden til. Mange ungdommar frå Trandal, Urke og Øyelandet delto på slike sankarekspedisjonar, gjerne dag etter dag inntil dei siste dyra var heime på Stenes.
Stenes har drive med geithald dei siste 75 åra.
Tekst og foto: Per Urke
Kommentarar