Så kom ein periode det var lov å sprøyte vekstene langs vegane, men så var det nokre ropa fy! fy! No skal alt gro og vi har ei kjensle av å køyre i ein tunnel av storvoksen skog.

P1040392

Sjøl på betongen veks det skog!

At det veks til langs vegane der grøfter og skråningar vert plastra med grøderik kompostjord, er som som ein kan vente. Men at grå-oren skal vekse rett opp av betongen er no vel noko nytt? Dette biletet er henta frå brua over Storelva på Urke.  Det er vel neppe den nylagde asfalten som har fått fart i veksten. I alle fall har oren funne grobotn og ser ut til å trivast.

Leif vegvaktar hadde eit eller anna redskap som han brukte til å fjerne uønska vegetasjon. I dag vert det ikkje fjerna noko som ikkje kan ryddast med slåmaskin langs vegane. Korleis ein skal få fjerna oren langs rekkverket, utan å bruke handemakt, er det ingen som har funne svar på. Riksvegstrekninga gjennom Urkebygda står nok heller ikkje øvst på prioritetslista til Mesta.

Kan hende er det med Mesta slik som historia fortel om ungkonene i bygda som  kommenterte at det gjekk tregt med å få arvingar i Ola-garden. Det hadde si heilt naturlege forklaring, kunne kona til brukaren fortelje: ” Heime hos oss er det slik at det han Ola ikkje får gjort med traktor, vert aldri gjort!”