Eventyret på Norway-cup er over for i år.
Kampen mot Skogvåg/Hald/Telavåg var ein sann fryd for Sæbøsupportarane, vi såg eit lag som tok styringa heilt frå start og scora to mål før 5 min var gått.
Dette lova godt og Sæbø vann 16 dels finala i a-sluttspelet 4-1.
Vi var alle spente før 8-dels finala på Abildsø.
Sæbø spelte mot Spjelkavik, og det var to jamne lag som begge spelte godt.
Det var nok mest press mot Sæbø sin banehalvdel, og Spjelkavik scora mål i fyrste omgang.
Vi var redde seieren var tapt men i andre omgang fekk Sæbø eit mål, så ved kampslutt var stillinga 1-1.
Då skulle det avgjerast med golden goal, dvs at fyrste mål vinn.
Vi vil gjerne kalle det uflaks og sei at Spjelkavik fekk denne sjansen, kampen var over og Sæbø var ute av gullkampen.
Betre lukke neste gong!
Godt jobba ALLE på laget både spelarar og trenarar, oppmenn, sjåfør, og foreldre.
I kveld ville dei kose seg med pizza og i morgå vert det ein dag på Tusenfryd, så ber det mot heimlege trakter for dei fleste.
TUSEN TAKK FOR GOD UNDERHALDNING, OG GODT KJEMPA!
Kommentarar