Sæbø- Norangsdalen-Fivelstadhaugen- Kårdalstindane- Leira - Bjørke - Sæbø

Den Store Rundturen startar også i år på ferjekaia på Sæbø kl.08.00 med ferjeavgang kl. 08.15. Frå Lekneset går turen vidare med buss kl. 08.30 til  Villa Norangdal på Fivelstadhaugen der fotturen startar.

Frå Fivelstadhugen ( ca.340 m.o.h ) går turen i god rås opp til Urbakkjen ( 1120 m.o.h ). Frå Urbakkjen går turen mot fjellet Blæja og derifrå vidare mot Kårdalstindane med fantastisk usikt over Hjørundfjorden og fjella rundt.

IMG_4843

Biletet over viser avgang frå Fivelstadhaugen på Den store rundturen i fjor.

IMG_5987

Når ein er komen hit ser ein ein toppen på både Blæja til høgre og toppen på Kårdalstindane rett fram. Herifrå går vi bort i skaret og så opp mot toppen av Kårdalstindane (1490 m.o.h ). Greitt å gå.

Etter at vi har kome oss opp på toppen kan vi nyte den fantastiske utsikta i alle retningar.Når vi startar nedturen går vi litt nordover mot kanten av Holshornet og Årvikstindane for å sjå på den skarpe tindenåla Vår Herres Skosyl.Her er enda betre utsikt enn på toppen.

Vidare går turen ned i Kårdalen og mot Sellereite og Leira.

IMG_5958

Her er noko av utsikta frå kanten av Kårdalen ( ca. 800 m.o.h ).Leira nede til venstre.

Det vert ordna med skyss gjennom Leiratunnelen til Bjørke, der nye overraskingar dukkar opp på den populære Kunst- og Handverkskafeen.

Avreise med båt frå Bjørke  ca. kl.18.30

Dette er ein tung tur som krev gode sko, dagstursekk med ekstra skift,ytterklede,niste og drikke.Tek ein med hund,skal han vere i band.

Turleiarar vert Jarle Myklebust ( tlf. 916 48 260 ), Hildegunn Mork og Even Holte.Dersom det er spørsmål om sjølve turen / ruta ring  916 48 260.

Pris, inkludert buss frå Leknes til Fivelstad og båt frå Bjørke til Sæbø, kr 400,- pr.pers. Betaling direkte til turleiarane ved start.

Påmelding til 70 06 85 18 eller info@orstainfo.no seinast onsdag 04.08.10 kl. 15.00. Dette av omsyn til buss og båtkapasitet.

NB ! Turen er snart fullteikna, så ikkje nøl med å melde deg på.

Dersom det er lav skodde om morgonen , vil det verte avgjort på ferjekaia om turen må avlysast.          

God tur i fantastisk natur !