Guida føremiddagscruise på Hjørundfjord og kulturminneløypa på Bjørke
Møt opp på Sæbø kl 10.00.
Der ligg MS Hjørundfjord og ventar.
Guide om bord i båten fortel om det vi ser innover mot Bjørke.
På Bjørke skal vi gå den 3 km lange Kulturminneløypa og få høyre meir om både historie og notid i Storfjorden.
Vi går inn i Jodbuda, Tingstova og Tuestova, og ser på naustrekkja, kvernhusa m.m.
Det vert også ein tur innom kunst- og handverkskafeen før MS Hjørundfjord tek oss attende til Sæbø.
Kirsti Hansejorde Skauge er med som guide på heile turen.
Pris kr 300,- inkl båtskyss tur/retur.
Påmelding til 70 06 85 18 eller info@orstainfo.no seinast onsdag 4. august.
Arrangør: Sjåstaddalen Frilynde Ungdomslag.
Ettermiddagstur rundt kulturminneløypa på Bjørke
Oppmøte og parkering på Brusletten kl 16.00.
Vi går den 3 km lange Kulturminneløypa og får høyre meir om både historie og notid i Storfjorden.
Vi går inn i Jodbuda, Tingstova og Tuestova,Kyrkja og ser på naustrekkja, kvernhusa Jettetryta - telefonskiosken m.m.
Undervegs besøker vi kunst- og handverkskafeen, og vi avsluttar med kveldskaffi på Ungdomshuset.
Pris kr 50,-. Guide på Kulturminneløypa Perry Bjørke og Kjell Bjørke
Ikkje førehandspåmelding
Les meir om kulturminneløypa på www.haukly.net
Det blir ope på Ungdomshuset frå kl 15 til kl 21 der du kan få deg varm mat. Sodd med tilbeør,Pizza og Pølse/m brød mm Dei som vil kan få sjå Hjørundfjordfilmen.
Arrangør: Sjåstaddalen Frilynde Ungdomslag.
Kommentarar