Stokkehornet 2 august 2010.

Dei yngste var nok dei sprekaste denne måndagen, på ingressbildet frå venstre:

Synnøve, Arnstein, Håkon, Ragnhild, Heidrun og Ingvild.

stokkehornet 2010 029

Her ventar vi på start, Anne Marit, Kanutte, Arild, Ansgar, Håkon, Arnstein, Anne Berit, Synnøve, Anlaug, Ingvild, Ragnhild, Heidrun, Bernt Arve, Haldis, Fred, Bente, Lars Kjell, Marianne, Tone, Dagny og Ruth Hege.

Helga og Knut kom rett etter vi starta og Henrik var gått i forvegen og fyrt opp i "Ørneredet".

stokkehornet 2010 056

For anledninga har vi sett opp skilt der råsa startar, skiltet skal stå, og er laga av Sverre Magnus og stolpane har vi fått av fellekjøpet avd. Ørsta.

Eg og Haldis har egenhendig drust det på plass!

stokkehornet 2010 030

Bjønnalauget er fullt av vatn, det er ofte tørt der i august.

stokkehornet 2010 031

Ein kjem raskt opp i høgda og vi kan skimte bilane baki skogen.

 

stokkehornet 2010 032

Vi heldt bra tempo og var raskt oppe på ryggen mot Stokkehornet.

Helga og Kanutte i framgrunnen.

stokkehornet 2010 033

I skoddedimen kan vi skimte toppen.

Det er ganske bra stigning mot målet.

stokkehornet 2010 037

Anne Marit, Kanutte, Helga og Bente, du verden for ei utsikt!

Nedpå haugen nedom kan vi sjå eit ekte hjortespâ.

stokkehornet 2010 039

Haldis, Anne Berit og Synnøve nermar seg toppen, og nyt utsikta før skodda vert tjukkare.

stokkehornet 2010 041

Egga oppover ser nok litt spektakulær ut men er god å gå.

stokkehornet 2010 043

Eit lite utdrag Stokkefamilie på toppen av Stokkehornet, Anlaug, Lars Kjell, Synnøve og Anne Berit. Fanga i skodda.

stokkehornet 2010 045

Då vi kom bort til Ørneredet hadde Henrik kokt kaffi til oss, han hadde fyrt opp i hytta så der var godt og varmt. for ei fryd! No smakte det med mat og kaffi.

stokkehornet 2010 048

Knut, Aril og Henrik fjelgar seg i varmen frå ovnen.

stokkehornet 2010 047

Vi andre kosa oss med godsaker på uteplassen, her Ansgar og Lars Kjell i framgrunnen.

stokkehornet 2010 049

Bernt Arve, Dagny , Tone og Ruth Hege godt kledde for fjellets overrasskande vêr.

stokkehornet 2010 050

Litt trollsk stemning var det med skodda som krulla seg rundt oss, etterkvart vart det lettare og utsikta openberra seg for oss.

Vi hadde ein fin tur, kjekke folk i godt lag på ein fabelaktig tind, med kaffiservering attpå!

Takk til alle for laget for denne gong.

Neste måndagstur er Vasstøylen/ Kvamsedalsreset.

VEL MØTT!