Naturfestivalen Olavshola/ Olavsdalen 2010
På fellesbildet har vi fått med alle som var med, men desverre vart nokre litt sjult i røyken men vi skal prøve å nemne alle: Henrik, Trude, Lina, Herman, Jan Vidar, Rolfen, Bodil, Haldis, Odin, Kaisa, Rune, Petra, Bernt Arve, Halldis, Hallvard, Rakel, Gerd Sofie, Ingrid, Hanne, Anne Fride, Oddbjørg Line Kelly og Gerd Marianne
Vi sente opp nokre bålsjefar i førvegen, som bar ved og ordna bålplass til oss andre.
Vi andre starta frå Vitalfabrikken , med pølse i sekken og kledde for sunnmørsvêr.
Ungane var ved godt mot og tempet var høgt.
Her var det godt å sitte syntest Ingrid, Hanne, Kaisa, Herman og Odin.
Siste pust på benken på lisjesetra , no er det ikkje langt igjen.
Bålsjefane var i full gang når vi kom opp, Rolfen, Bernt Arve og Rune.
Bernt Arve var også ein eminent kaffikokar, det smakte aldeles fantastisk.
Henrik måtte lage eit ekte speidarbåleksperiment, det gjekk visst bra.
Då var det tid for spidding av pølser.
Alle kosa seg ved bålet.
Store og små, alle åt vi pølse og kosa oss.
Nokre gjekk på blåbærplukketur i skogen.
Kaisa studerar diktet til Andreas Hustad som står på døra til hellaren.
Haldis skriv ei helsing i boka i Hellaren, der er mange artige kommentarar som er vel vert ein tur opp for å lese.
Ingrid og Hanne ved utsikten.
Enda nokre til som nyt utsikta før vi ruslar nedatt.
Rett før vi gjekk kom regnbogen på himmelen og peikte rett mot utsikten, eller er det kansje Sæbø, ja ein skatt ligg der nok uansett.
Takk for laget alle saman, ut på tur aldri sur er i allefall sant om denne gjengen.
Vi hadde ei triveleg stund sjølv og vi fekk skikkeleg vestlandsvêr, ja det var no opplett det meste av tida vel?
Neste måndag er det tur til Vasstøylen/ Kvamsedalsreset.
VEL MØTT!
Kommentarar