Er det ein symjar som har blitt for sein til rutebåten til 62NORD og har hotel Union i blikket?

Slik kan ein ta sjøvegen fatt med våtdrakt og god kondis. Stranda mellom Stålbergneset og Stenes i bakgrunnen.

Hovudet er godt synleg. Solide symjebriller er lurt mot sjøsprøyt.
Vi kan berre konstatere det som fotografen observerte. Resten er eit ope spørsmål. Kanskje kommentarar nedanfor kan gi opplysningar om denne målbevisste langdistansesymjaren? Ein fin sommardag i det våte element på langs etter Hjørundfjorden og Norangsfjorden kan vere fin trening til den som planlegg å symje tvers over den Den Engelske Kanal.
Tips til "Møre-Nytt" (06.09.2010 kl. 21:33)
Eg har ikkje høve til å besøke Jakob før langt om lenge, men eg har tipsa "Møre-Nytt" og håper ein av deira bladfykar kan ta kontakt. Dette bør vere ei god historie for avisa!
Per Urke
(05.09.2010 kl. 16:12)
Jakob vil gjerne seie litt om symjeturane sine, men det oppdraget tek eg ikkje på meg. Ta kontakt med han på Hotel Union Øye.
Wenche Wollsæter
Hallo Helge!! (28.08.2010 kl. 16:51)
Du har vel fått med deg at eg ikkje ein gong har teke biletet! Du har dreia saka inn på eit lite relevant, men velkjent og venta spor.
Det er ein solid prestasjon som vert utført av denne symjande "sjøormen" og når Wenche Wollsæter uttalar seg så pass sikkert, godtar eg (og dei fleste andre) at det er polske Jakob som er kokk på hotellet. (Er det hotell Union Wenche siktar til?)
Per Urke
(27.08.2010 kl. 15:26)
Eller Per Urke.
Kan det vere ein Jakob som midlertidig måtte søke Bondalselva av mangel på mat på Urke ....., men som no er på veg over fjorden att?
Fordi konkurransen med turistar etterkvart er vorte så stor kring "utslippsområdet....?"
Mange teoriar kan lanserast.
Helge Strand
Får du "sjøormen" i tale? (25.08.2010 kl. 20:48)
Viss det er den polske "sjøormen" Jakob som sym frå Øye og langt ut i fjorden, t.d. Leknes (13- 15 km), hadde det vore fint å få han litt i tale og fortelje oss litt om kor langt han sym, ofte, trening eller ???
Kan du Wenche Wollsæter formidle noko om kva han kan fortelje om ein slik prestasjon? - For det er det etter mitt syn! Men vi skal sjølvsagt ha full respekt for at han ikkje vil fortelje noko og!
Per Urke
(25.08.2010 kl. 17:20)
Eg er ganske sikker på at dette er ein polsk "sjøorm". Han heiter Jakob og er kokk på hotellet.
Wenche Wollsæter
Ein som leiter etter laks? (25.08.2010 kl. 09:26)
Eg trur Fred Ingar Somby er inne på noko her. Han har sirkla inn familien, men lurer på arten (eksakt namn). Kan det vere han Jakob som har mista kursen då han leitte etter laks i osen på Bondalselva? Det kan vere ein pjakk han følgjer på veg til Øye-elva...
Per Urke
(25.08.2010 kl. 09:17)
Tror dette er en sjøorm, men usikker på hvilken art.
Fred Ingar Somby