Kapellet er åpent for alle året rundt og eg har ofte teke turen innom lyskapellet når eg har vore på Beitostølen. Med familiehytte i Øystre Slidre i Valdres er vegen kort. Men også når eg er i retning mot Valdresflya på veg til Bondalen og Sæbø. Sjølv om eg har vore i kapellet mange gonger, så får ein den same roa og spesielle sinnsstemninga i kroppen når ein kjem inn i kapellet.

 

IMG_3592

Lyskapellet sett frå parkeringsplassen ved Helsesportsenteret.

 

IMG_3593

Inngangen er vendt mot riksvegen - bli med inn då vel ! 

 

IMG_3594

Vakker dekor og glassmosaikk gir ei heilt spesiell stemning.

Det er det fine lyset, fargane, dei vakre glassmåleria til Ferdinand Finne, forgylling og dekor som Kjell Arne og Sigmund så nydeleg har utført, og du kan setje på stemningsfull musikk og berre late tankane fly. Bileta gir eit lite inntrykk av at dette er eit heilt spesielt byggverk, men kapellet må opplevast for å føle den indre stemninga og roa det dette gir, det er vanskeleg å beskrive.

 

IMG_3595

Vakker mosaikk !

 

IMG_3598

Bjelkane i taket er gullforgylla og dekorerte av brørne Årseth. Bjelkane er forma som ei Davidstjerne. Himmelen er vakker blå med stjerner i gull.

 

IMG_3599

Kapellet og glassmosaikken som fungerer som altertavle er vendt mot Jerusalem.

 

Kappellet si 5 kanta form representerer dei 5 verdsdelar og følgande sitat er henta frå heimesida til lyskapellet:

http://www.lyskapellet.no/

 

Du står vendt mot Jerusalem.
Tell dine dager og åpne ditt hjerte for Visdommen.

Rommets skjønnhet, lyset, gullet, farvene - er et uttrykk for Guds nærvær. Du står midt i historien, der hvor endetid blir vendetid, hvor foreløpigheten og bortvendtheten vendes til forklaring og oppfyllelse.

Alt som du er omgitt av i dette rommet, er profetiske tegn for det som skjer. Gjennom troens dør og håpets bue trer du inn i kirkerommet - det femkantede - de fem verdensdeler, hvor evangeliet nå er forkynt.

 

Kapellet vart vigsla av biskop Rosemarie Køhn i oktober 2000.