Sist onsdag, onsdag 18. august, bestemte Jakob (Hustad) seg for at han ville sjekke om det var att laks i Bondalselva, laks som kunne gyte og føre slekta vidare.  Det var ein overskya dag og temperaturen i elva var ikkje så alt for høg, men med ein vasstemperatur på 16-17 grader gjorde ei Devold-trøye nytte som våtdrakt.

262b
Jakob meinte det var i elveosen at det var størst sjansar for å finne laks.  Her sjekkar han kameraet.

269b 274b
Først sjekka Jakob lengre nede i osen, men det var i straumen litt nedanfor brua at eit par småpjakkar hoppa mest.  På foto til høgre kjem Jakob opp med nokre filmsnuttar.

Og kva vart så resultatet?  Sjølvsagt var der laks/pjakk i elva.  Klikk her for å sjå.  Men er dette gytefisk?  Eller er det oppdrettsfisk som har forvilla seg opp i elveosen?  Her treng vi svar.