Sist onsdag, onsdag 18. august, bestemte Jakob (Hustad) seg for at han ville sjekke om det var att laks i Bondalselva, laks som kunne gyte og føre slekta vidare. Det var ein overskya dag og temperaturen i elva var ikkje så alt for høg, men med ein vasstemperatur på 16-17 grader gjorde ei Devold-trøye nytte som våtdrakt.
Jakob meinte det var i elveosen at det var størst sjansar for å finne laks. Her sjekkar han kameraet.
Først sjekka Jakob lengre nede i osen, men det var i straumen litt nedanfor brua at eit par småpjakkar hoppa mest. På foto til høgre kjem Jakob opp med nokre filmsnuttar.
Og kva vart så resultatet? Sjølvsagt var der laks/pjakk i elva. Klikk her for å sjå. Men er dette gytefisk? Eller er det oppdrettsfisk som har forvilla seg opp i elveosen? Her treng vi svar.
Kommentarar
Utvilsamt villaks Knut! Det ser ein lett på fisken sin reaksjon, veremåte og utsjånad.
Det er vanleg med fisk som no i august "på lita elv og flo sjø" trykkjer fram mot brua. Særleg som i år då han ikkje vert fiska på og forstyrra.
Mesteparten går ut att når sjøen fell, men ein og annan stikk sjølv på lita elv fram.
Tyngda ventar på at elva skal vekse. Mykje auke i vasstand skal ikkje til før han stikk.
Gyteprosessen nærmar seg, så difor krev laksen mindre og mindre vatn før han søker staden han vart fødd.
Som eg venta er det litt meir laks i elva i år enn siste åra. Det er kjekt å sjå!
Men hugs!
Kva som i"akvarie-form" vert sett i osen, er ikkje einsbetydande med det same framover elva.
Elles er nett stenginga 20. juli grunnen til at ein kan skode på desse fiskane i osen/framfor brua.
Grunnen er enkel.
I år er sjøfisket etter laks på kysten av Møre og Romsdal totalforbode. Det einaste tillate er dorgefisket, saman med berre 4 veker (12 dagar effektivt) løyve med kilenot som få nyttar seg av.
Med andre ord er sjøfisket etter laks no så og seie totalforbode, så den vesle oppgongen ein ser er eit resultat av det.
Ser ein imidlertid på Bondalselva er vel resultatet som i fjor. Inga auke er sant nok botna i restriksjonar. Kortare fisketid (1 mnd) og berre ein fisk pr. person pr. døgn.
Likevel gjeld det etter mi meining ikkje å misse fokus på kva villaks-interesser må jobbe vidare imot.....
Tradisjonelt sjøfiske kan snart ikkje innskrenkast meir.
Elvefiske likeeins.
Det positive får vere at villaksen som har kome er feit og fin, trass i for store mengder lus på seg.