Då eg i går var i ferd med å ta meg ein aldri så liten strekk på plenen vart eg oppmerksom på eit flygande vesen.  Eg tenkte først det var ein kjempekveps, men dyret dura for mykje då det flaug.  Dette vesenet var av ein eller annan grunn spesielt interessert i ein framskjerm på ein bil, men plutseleg sette det seg berre ned på bakken - og der vart det ståande sjølv om eg henta katten. Og berre så det er sagt - katten viste null interesse.

På biletet under ser du dyret ståande på hagesingel.  Det er nok ein stad mellom 1,5 og 2 cm og fargen var grøn.  Er det nokon som veit kva dette er for noko?

056
Kva slags dyr er dette?