Lokal vegvisar.

Vegvisar er Sverre Måseidvåg, han har hus på Trandal og bur der delar av året, så han er godt kjend. Dessutan kjem andre av dei fastbuande og utflytta trandalsfolk til å assistere.

20070722_0299_1

Vi går iland på Nesgardane.

Det er omlag 4 km frå Nes til Rønning, fin og idyllisk veg som er lett å gå, men for at alle skal få delta på vandringa, vil minibussen køyre frå stoppestad til stoppestad.

20070722_0291_1

Rønningen ligg inst på Trandal

 

Gudsteneste og mat på Christian Gaard.

Kulturvandringane brukar alltid å samarbeide med kyrkja, slik også i år. Etter vandringa vert det ei kort gudsteneste på Christian Gaard. Sokneprest Rold Dyrhol vil holde preika.

På Christian Gaard vert det høve til å kjøpe seg mat, og det vert tid til å få prate med folk. Det er også ein viktig del av ei kulturvandring.

20070722_0372_1 20070722_0375_1
Skyssbåten MS Hjørundfjord vil frakte folk til Trandal. Christian Gaard

Båt frå Sæbø.

IMGP7898_2_1
Sokneprest Rolf Dyrhol

Skyssbåten Hjørundfjord kjem til å gå frå Sæbø klokka 10 og 10:30. Den har plass til 38 passasjerar, så ver ute i god tid og sikr deg plass. Folk vil verte sette i land ute ved Nes, dei som er dårlege til beins kan verte sette av på ferjekaia, og Kulturvernlaget har minibuss ( plass til 16) ståande der, for å køyre deltakarar til Nes, der vandringa startar.

Ferje.

Sundagar går det ferje frå Sæbø kl 08:50 til Trandal og Standal, via Leknes. Returen frå Standal er klokka 09:50, så folk frå Ålesund eller Vardalstranda kan ta den, men må då ta med bilen ombord og reise om Sæbø heim att etter vandringa er over. For folk frå Norangsdalen og Hellesylt, vil det passe fint med å ta ferja, synes ein ventetida vert lang på Trandal, kan ein ta ferja til Standal og tilbake. Det er ein vakker tur på Hjørundfjorden.

Retur med ferja.

Sidan returen vert frå ferjeleiet, vil minibussen køyre dei som treng assistanse frå Christian Gaard til ferja kl 15:25.

Har du ikkje vore på Trandal og Christian Gaard i det siste, bør du nytte dette høvet til å vitje ei av dei vakraste bygdene langs Hjørundfjorden. Utsikta langs heile strekninga er berre så vakker.

Ta med gode sko og kle etter veret.

 

Hjørundfjord kulturvernlag

Synnøve Rekkedal Hill

 

Kulturvandringa på Molaupen i 2005

 

Bilder frå Molaupen