Vi øver på Bondalen Grendehus kvar torsdag frå 19.00 - 21.00.

Om du synest det er for lenge sidan du spelte sist er ikkje det noko stort problem. Fleire av oss andre har hatt spelepause i monge år og det går utruleg fort å finne tilbake til gamle kunster.

I sommar har Oddhild Kalvatn gått dirigentkurs i regi av Norges Musikkorps Forbund og skal vere dirigenten vår framover.

Dette vert spennande både for oss og henne og vi gler oss til å få kome i gang.

Hiv deg rundt då!

Her ligg eit instrument og ventar på deg...