Endeleg til topps for Ole Rønning (91)

(Artikkelen er sett inn her etter løyve frå "Møre-Nytt")

I fjor sommar var Stålberghorntur med helikopter 90-årspresang frå etterkomarane hans. Men ei svært restriktiv haldning i Ørsta kommune til landingsløyve, sette stoppar for det.

Denne gongen var han med som kjentmann, saman med Jon Stennes (77), ”kårkall” i Nilsgarden på Stenes. For Ole vart dette den 14. turen på Stålberghornet, medan Jon ikkje kan skilte med mange turar. 

Bilde 006

Klar til hjørundfjordtur heime på Valderøya.

 

Bilde 135

Stenestuna frå lufta med Nilsgarden t.v. og Knutegardent.h. Ein ser her godt det ureine farvatnet på revet mellom Stenes og Maude på nordsida av fjorden. Fyrlykta t.v. står på den største av fludene. Brudefluda t.h. fekk namn etter eit budefølge som rodde seg på grunn.

Geithaldarane

Grunngiinga for å gi landingsløyve var truleg at Hjørundfjord Kulturvernlag og Hjørundfjord bygdemobilisering hadde ønskje om å få festa til film og på papir det strevet som geithaldarane i Hjørundfjord har hatt når dyra skulle sankast heim om haustane. Vi har i minnet Molaupulykka i 1971 som kravde sju menneskeliv.

Strandgardane har lite innmarkareal og utmarksbeita er store og vert langt på veg like viktig som heimebøen. Dei vanskelege sankarrutene i dei ville fjella er i ferd med å gå i gløymeboka. Vi skal i seinare artiklar omtale desse turane og meir generelt om geithaldet i Hjørundfjord, men med spesifikt utgangspunkt i Stenes.

Tallause fjellturar

Denne reportasjen skal handle om Ole Rønning sin drøymedag. Han vart henta i gryotta på Valderøya, der han no bur åleine etter å ha vore enkjemann sida 1974 – i 36 år. For sju år sidan døde sonen, berre 45 år gammal, og Ole har kjent på stillheita i huset etter det.

På turen innover hentar han fram minne om sine tallause fjellturar, mest på austsida av Hjørundfjorden. Ole er fødd og voks opp på Lekneset.  Faren tok kan med på sanketur alt som 7-åring, men då han var 10, gjekk han i Maradalen åleine etter geitene. Råsa mellom Trandal og Leknes gjekk han ein sein oktoberkveld i mørkret etter å ha vorte overraska av tåke aust i Nordkopen ved Råna. ”Eg var så kjend at eg trengde ikkje sjå så mykje…” Det var verre at han var matlaus, men haslenetene gjorde nytta.

Urkeungdomar på Varden 004 I Ole Rønning sitt album er bilete frå turar på Hjørundfjordfjella. Ole tok dette biletet eit av dei første krigsåra av fem ungdommar frå Urke på varden som er lagt opp på austtoppen av Stålberghornet, 1248 moh. Frå venstre:  Bertrand Rønning, Ragnar Stennes og Olav Rønning på toppen. Framom han står Knut Svinø. Det er usikkert kven sistemann er (kvit skjorte).

TV-opptak

På Stenes diska kårkona Olaug og døtrene opp og ønskte Ole velkomen til gards. Han vart langt på veg rekna som ein storebror til dei unge på garden både dei sju åra som dreng og i ettertida. Ole kom til Stenes som 18-åring i 1938.

Bilde 040

I framgrunnen ser vi Stålbergneset og vidare innover Viddalstranda. Det er vel forsiktig uttrykt at her er det bratt.  Dette var beiteområdet til Stenes-kjea frå tidleg i juni til september. Dei lettføtte kjea beitte høgare og høgare opp på leiting etter beste føda.

Etter ein del TV-opptak på garden, var helikopteret frå 62NORD på plass. Endeleg skulle det skje.  Først ei runde utover mot Urkebygda for så å runde Stålbergneset for å få godt oversyn over dette stupbratte terrenget som var geithaldarne sin kvardag. Vi hadde som oftast med tau, men eg brukte det mest aldri, forklarte Ole då vi studerte dei bratte svaberga og dei smale hyllene som måtte passerast.  Her i Viddalstranda vekslar det glatte, blanke berget med skogteigar og irrgrøne bøter med det beste beitegraset i verda.

Då kjea sto faste

Kjea vart tidleg skilde frå geitene og eit par månader gamle vart dei rodde inn i Viddalstranda der dei skulle gå på sommarbeite. Men desse små, lette kroppane er omtrent som fluga som går på veggen. Ole peikar på ein fonnbre som ligg i eit djupt gjøl midtfjels ovanfor neset ved Sævåg.

-   ”Der borte ved den breen i gjølet, fann vi fleire kje som sto faste. Det var ho Olga Tandstad, som var synsk, som meinte at vi skulle leite nær det gjølet. Vi måtte tilbake til Stenes og hente tau og neste dag laga vi oss taustige som hang delvis i friluft.  Eg kom meg ned, batt tau i eitt og eitt kje og dytta opp, medan Nils - gardbrukaren sjølv - sto oppe på kanten og drog og tok mot. Dette er nok noko av det vanskelgaste eg har vore med på for å berge kjea.

 Bilde 055

Det var i nedkant av denne fonnbreen Ole og Nils brukte taustige for å hente opp ein kjeflokk som hadde gått seg faste. Då breen tina, var det uråd for dyra å kome seg opp att.

Piloten svingar nord og opp mot vestenden av Stålberghornet der vi får kjenne suget når ein flyg tett over det flate platået og i neste sekund passerer fjellkanten med stup meir enn 1050 meter rett i fjorden.

På toppen

Stålberghornet er høgast i austenden, 1284 moh., og vi landar like ved dette punktet. Det er her Ole får oppleve å sette sine bein på toppen for 14. gong.

Her er NRK- Møre og Romsdal med fotograf og journalist og her er ”Møre-Nytt” og vil ha Ole i tale.  Det er lett å merke både begeistringa og gleda som rører seg der Ole stig ut av helikopteret.  Men i førstninga vert han still og gjer sine refleksjonar.

-   ”Det er mest ikkje til å tru at eg likevel skulle få kome hit ein gong til – eg som er i mitt 92. år. Men dette må no bli siste gongen. Takk til  dokke alle! ” 

Kopi av Bilde 097

Her er Ole ute av helikopteret medan Jon er på veg ut. NRK-teamet med fotograf Øyvind Berge Sæbjørnsen og produsent Anne Bente Skjellum gjer sin jobb. Brekketinden t.v. og Slogen t.h. i bakgrunnen.

Stillferdige Ole tek seg ein spasertur mot fjellkanten og ser ned i Helgådalen og forklarer kvar ein måtte gå for å hindre at dyra stakk av ned i dalbotnen. Då vart det dobbelt arbeid å få dei opp att. 

Bilde 087

Ein liten bit av Stålberghornet nedst t.v. Utsikta nordover syner Urkebygda med fjellet Saksa bak, vidare mot venstre ligg det markerte Lekneset der Ole Rønning voks opp. På andre sida av Hjørundfjorden ligg Sæbø med fjellmassiva nordaustover.

-   ”Ein gong brukte vi tre timar opp frå botnen av Helgådalen 300 meter lenger nede og hit opp. Men då vassa vi i snø opp til beltet. Hadde vi ikkje hatt nok mat og tid til å ete på den turen, tvilar eg på om vi hadde kome oss ned. Vi fann kjea og fekk dei med eit stykke, men vi måtte gi dei opp då mørkret seig på. Den flokken kom aldri til gards. Dei enda nok som ørnemat ut over vinteren.”

Ein luksustur

Siste runden går sør om Konehornet, ned Konedalen og ein sving inn om Skylstad før vi kursar tilbake til Norangsfjorden med ein æresrunde over Stenes.  30 minutt flygetid med 40 minutt pause på toppen.

Issolleie 009 Fjellnøkleblom 008
Issoleie/reinblom (Ranunculus glacialis) (t.v) og fjellnøkleblom (Primula scandinavica) finn levevilkår på toppen av Stålberghornet  mellom lav og stein.

Det må kallast luksusliv – samanlikna med dei som for 70 år sidan starta grytidleg frå Stenes, rodde langs stranda vest om Stålbergneset, innover lang Viddalstranda til Sævåg eller Gallesteinane. Så til lands og opp gjennom dei stupbratte fjellfloga og opp på Stålberghornet. Vidare austover fjellovergangane til Helgådalen, Konedalen og ned til Norang og så endeleg gjekk ein råsa ut att til Stenes. Minst 12 timar i eitt strekk. Ein god dag hadde ein med alle dyra. Ein dårleg dag - utan å ha fått med alle - var det å sove og ta fatt på same turen neste dag.

-   ”Etter å ta sanka i tre dagar etter kvarandre, var det godt å få deg ein kviledag med berre vanleg gardsarbeid,” uttrykte Ole Rønning. 

– Forstå det den som kan!

 Tekst og foto for "Møre-Nytt": Per Urke