Måndagstur til Klokkura og Tryvatna 2010

So vemodsfulle tonar eingong klong, frå kyrkjeklokka heile dagen long.

Den gong dei vilde ringe jenta ut, men bergekongen vilde ha ei brud.

 

Desse to versa er henta frå Bondalssongen av Laura Frøland.

Det måtte eit sitat til etter ein slik flott tur i Klokkura og Tryvatna.

Dei so var med ser vi på ingressbildet: Norunn, Bente, Bodil, Frøydis, Kari, Alvhild, Maria, Marit, Haldis, Fred, Arne, Gunnar, Emilie, Kristian, Bernt Arve, Ola, Jonny og Lars Kjell.

Vi møttast på parkeringsplassen på Stokkesida, vi var atten stykke som tok laust.

klokkura 006

Det gjekk i fullt drev, lang rekke med sprekinga.

klokkura 007

Vi kan skimte bilane på parkeringsplassen bak i det grøne!

klokkura 011

På Stokkesetra er det tradisjon å ta ei lita pause, flott utsikt og mykje fin blåbær.

klokkura 008

Kristian, Emilie og Maria ved det gamle trufaste Stokkeselet.

klokkura 014

Dei fleste gjekk heilt inn på Tryvatna, her er flokken på den gamle steingarden som tidlegare var kommunesgrensa mellom Ørsta og Hjørundfjord kommune.

Ingen bada det eg såg, men vatna var varme så versegod neste.

klokkura 005

No har vi fått opp boks på Tryvatna, så no kan du skrive deg i boka.

GetAttachment[1]

Peder Frøland  "Jasepit" hadde mange foller i Frølandsdalen, han fanga småvilt som røyskatt og hare.

Gunnar viste oss ei av follene under ein stein like ved råsa, ein kulturskatt, er det nokon som veit meir om dette eller liknande slike ?

GetAttachment[1]

Ein godt bevart kulturskatt!

Takkar for fyljet denne gongen.

Vi kjende haustlufta var komen i emning når vi gjekk nedatt.

Neste tur vert Vasstøylen og Langhorndalen.

VEL MØTT!

.