At "Hyttemagasinet" skriv at Sunnmørsalpane og hytta ligg i Stryn, er ei vanleg blemme som ein må berre vere overberande med. Det er så vanskeleg å halde greie på det som ligg utanom hovudstaden...

Thrall-hytta

Ei vakker hytte som vekkjer oppsikt i vid samanheng.

Biletkunstnaren Torunn Thrall og kulturjournalist Ole S. Nerheim er frå Stavanger og dei "fall pladask" første gongen for bygda og naturen rundt då dei køyrde forbi. Då hyttetomtene vart utlyste, kjøpte dei tomta usett.

"Hyttemagasinet" nr.6 brukar 11 sider og 24 bilete i presentasjonen av denne fritidsbustaden. Utanom sjølve utforminga av hytta, brukar magasinet store ord om både bygda og naturen rundt fjorden: "Her er du midt i Sunnmørsalpene, dette vakre og ville stykket Norge som fjellpionerene Slingsby og Patchell ble så begeistret for, som tyske keiser Wilhelm II la sin elsk på - og som turister tar med på postkort. Omgitt av så mye vill og vakker natur måtte det bli en hytte med utsikt og vindusflater."

Vi skal avrunde vår omtale av artikkelen i "Hyttemagasinet" og reknar med at interesserte nyttar høvet til å få med heile innhaldet der.

Hjellane frå Stenes

Hjellane hyttefelt er nesten heilt utbygt. Øvst til høgre ser vi i hytta som er omtala i "Hyttemagasinet".

Tomtene på hyttefeltet på Hjellane har berre så vidt vore utlyst til sal, men det reklamerer for seg sjøl, seier eigaren, Inge Karl Haandlykken. Det vert jamt bygt nye hytter i eit moderat tempo og no er det knapt nok ledige tomter att.

Det er på HØG TID at Inge Karl eller andre av grunneigarane startar prosessen med å førebu nye hyttefelt i bygda.