At "Hyttemagasinet" skriv at Sunnmørsalpane og hytta ligg i Stryn, er ei vanleg blemme som ein må berre vere overberande med. Det er så vanskeleg å halde greie på det som ligg utanom hovudstaden...

Ei vakker hytte som vekkjer oppsikt i vid samanheng.
Biletkunstnaren Torunn Thrall og kulturjournalist Ole S. Nerheim er frå Stavanger og dei "fall pladask" første gongen for bygda og naturen rundt då dei køyrde forbi. Då hyttetomtene vart utlyste, kjøpte dei tomta usett.
"Hyttemagasinet" nr.6 brukar 11 sider og 24 bilete i presentasjonen av denne fritidsbustaden. Utanom sjølve utforminga av hytta, brukar magasinet store ord om både bygda og naturen rundt fjorden: "Her er du midt i Sunnmørsalpene, dette vakre og ville stykket Norge som fjellpionerene Slingsby og Patchell ble så begeistret for, som tyske keiser Wilhelm II la sin elsk på - og som turister tar med på postkort. Omgitt av så mye vill og vakker natur måtte det bli en hytte med utsikt og vindusflater."
Vi skal avrunde vår omtale av artikkelen i "Hyttemagasinet" og reknar med at interesserte nyttar høvet til å få med heile innhaldet der.

Hjellane hyttefelt er nesten heilt utbygt. Øvst til høgre ser vi i hytta som er omtala i "Hyttemagasinet".
Tomtene på hyttefeltet på Hjellane har berre så vidt vore utlyst til sal, men det reklamerer for seg sjøl, seier eigaren, Inge Karl Haandlykken. Det vert jamt bygt nye hytter i eit moderat tempo og no er det knapt nok ledige tomter att.
Det er på HØG TID at Inge Karl eller andre av grunneigarane startar prosessen med å førebu nye hyttefelt i bygda.
Litt data kluss på Portalen i dag (02.08.2010 kl. 23:35)
På grunn av nettfeil på portalen i dag,måndag, fall ingressbiletet ut. Ved opprettinga av dette, vart artikkelen publisert på nytt med verknad frå måndag kveld. Dette er grunnen til at artikkelen blir liggande lenge og rykte opp til øvste plassering under artiklane i samband med opprettinga.
Per Urke
(01.08.2010 kl. 18:23)
Eg kjøpte siste eksemplar av bladet på Narvesen, Moa.
"E kunne ikkje forstå koffor dissa blada fauk ut så fort denna gangen der", sa dama i kiosken, "men no forstår e det."
Flott reportasje.
Kanskje bør eit eksemplar av bladet ligge i Brua kiosken?
Svein J. Urke
Biletstoff av nedrotna gardar? (01.08.2010 kl. 10:43)
Vi skal glede oss over den flotte hytta saman med fam. Thrall/Nerheim under denne saka.
I ein annan samanheng ønskjer eg å få tak i biletstoff av nedfalne gardar og attgrodde tufter. Eg vil prøve å beskrive korleis det utviklar seg viss attgroinga og forfall får halde fram. Tidfesting av bileta er viktig. Men det blir ei anna skål. Send meg oppl. på adr. per.urke@mimer.no.
Per Urke
Svar til Per Urke (01.08.2010 kl. 07:36)
Dei som må selge gardene (buplikta) har no ikkje meir ansvar for garden og kan ikkje bruke den til feriehus.
Den kan stå tom i 5-10 år eller meir før den blir seld og då er husa råtna opp.
Kven tar ansvaret for fråflytta garder.(Staten)?
Perry Bjørke
(31.07.2010 kl. 14:59)
Når en ser den store granskogen på oversiktsbilde over Hjellane så ser en potensialet til mer utbygging og forskjønnelse av bygda både ved å fjerne skogen og å bygge hytter."Thrallhytta" er et flott eksempel til etterfølgelse.
Urke er ei perle. Der bor trivelige folk og jeg føler meg godt inkludert etter å ha hatt hytte der inne i to år.
Reier Sylte
Sylte Reier
Enig, Perry! (31.07.2010 kl. 09:30)
Folk i bygdene skaper trivsel for alle. På Urke er hytteeigarane like sjølvsagt medlemmer i Grendalaget som dei fastbuande. Hytteeigarane må inviterast og involverast. Inge Karl Haandlykken, som eig Hjellane hyttefelt, er nøyen på kven han sel tomter til og vil ha folk som involverer seg og bryr seg om bygda. Han ber dei og om å bruke Urke Landhandel. Han forstår korleis det vil vere å bu i bygda utan å ha tilgang til service. Og vi veit kor mykje enklare det er for hyttefolket når ein skal bu over tid utan å må ta med alt som skal til.
Fråflytta huseigarar burde syte for at husa ikkje står mørke og tome, men heller legge til rette for bruk og utleige. Då kjem vedlikehaldet og trivselen av seg sjølv. På Urke er ein komen godt i veg med å ha brukarar av husa som elles ville stå tome.
Per Urke
(31.07.2010 kl. 03:52)
Det skulle gjerne ha våre hyttefelt på Bjørke slik at fleire fekk bygge seg hytte her.
Her er ikkje lett å finne plass til hytter blant alle fonnene.
Vi har nå kun 3- 4 regulerte tomter for bustad i Bjørkevikja.
Staten kan ikkje berre kreve at folk gir frå gardene uten å tilby dei ei hyttetomt i heimbygda slik at dei kan besøke bygda si.
Nå er no mi meining at det er bedre at folk bruker husa på gardene til feriehus enn at dei står tome.
Nedlagde garder er det ikkje mange vil starte opp att.
Eg vil ha feriegjester på gardene (bedre det enn det er mørkt i husa) og gjerne fleire hytter i bygda.
Perry Bjørke