Du har sett det frå ruteflyet, men slik såg eg det frå helikopteret:

Eg legg inn bileta i standardformat. Då kan du klikke på dei og få dei opp i storformat.

Bilde 089

Opp på Stålberghornet er det rimeleg flatt. Elva som renn ned Kjørjøkulen ser du som ei stripe i terrenget.

Bilde 087

Dette biletet over Urke, Leknes, Saksa og Fjorden var brukt i forrige artikkelen. Horisonten var ikkje oppretta. Dette er fiksa på dette biletet.

Bilde 090

Helgådalen ligg midt i motivet. Stålberghornet nærast. Konehornet opp t.v. for vatna og Skruen ovanfor Skylstad og Norangsdalen.

Bilde 113

Helgådalen har ein kvadratkilometer med gode beite som ikkje er lett tilgjengeleg. Her ligg det fire vatn av ulik størrelse. Overgangen til Konedalen ligg rett ovanfor det største vatnet.  

T.v. for helikopterpiloten, Sigurd Pfeifer, startar Helgåa som er eit velkjent syn frå Øye. "Same kvar eg bur i verda, berre eg ser Helgåna", sa norangskaren.

Bilde 124

Her er vi over i Konedalen og ser mot nord. Steneskjea vart jaga ned skreda t.v. frå Helgådalen og skulle vidare nedover til Norang. Vi ser ned til  Norang og Øye midt på biletet.

Bilde 128

Eg håper ingen vert fornærma når eg kallar dette Øyelandet. Skylstad nærast. Litt refleks i frontruta må tilgjevast.

Bilde 129

Og oppe t.v.: Kva anna enn Helgåna er det som dukkar opp!

På Norang og Øye er det mange som driv pelsdyroppdrett.

 

Takk for turen!