Ok, eg forstår at nokre sikkert meiner at eg ikkje har så store problem å slite med akkurat no, men kva gjer vi med ostar som har slike kjempehòl?
Nokon som har funne eit større hol i ein ost?
For ei tid sidan las eg at ein ikkje burde ha meir enn to skiver med ost på brødskiva. Dette fordi osten gjerne var feit og feit kost var visst ikkje godt for kropp og sjel. Javel, men kva gjer ein når osten har så store hòl at det nesten vert berre eit hol på heile brødskiva sjølv om ein brukar to osteskiver - same kva veg ein legg dei? Og punkt to: Er det nokon som har funne større hol i ein ost enn eit hòl med diameter 3,6 cm?
Og så eit lite namnproblem.
Eg sit med ei kjensle av at vi som er gardbrukarar ikkje er flinke nok til å ta vare på velbrukte ord. Vi lærer ikkje orda vidare. Sjølv her i Bondalen er det fleire og fleire som brukar namnet grind om led. I desse fjesbok- og tekstmeldingtider utarmar vi språket, og det er sjølvsagt dumt for alle. Eg tek med eit døme under. Er det nokon som har eit namn på gjestanden under, dvs. strengen eller liknande som held ledet inntil gjerdestolpen? Kanskje er det fleire namn som vert brukt?
Kva vert strengen som held ledet - eller må vi seie grinda ? - inntil gjerdestolpen kalla?
Klikk på fotoet og du ser (ved raud pil) at eit led midt på finnmarksvidda sjølvsagt også har ein slik gjenstand som nemnt over. Namn?
Og til slutt eit foto av det som Jakob Hustad meiner må vere bondalens finaste sandstrand, men kvar er ho å finne?
Kommentarar
Eg tenkjer sjølvsagt på namnet "korje" (kan det vere at far min, Haua-Jakob, sa korge?)når det gjeld namnet på denne strengen. (Eg ser at nokre no brukar tau også). Elles fekk eg ein hyggeleg e-post frå Liv Kari Lyster. Ho fortel at på Brekke i Ørsta vert denne strengen kalla korv. (Utt. kårv)
Kva reindriftssamane i Finnmark kalla denne strengen veit eg ikkje, men eit namn brukar dei heilt sikkert.
1) Press ned skjærebladet på ostehøvelen slik at skivene blir tynnere (Ref sunnmøringens sparetips:
http://www.hegnar.no/personlig_okonomi/article375730.ece?Kommentar)
2) Lag passende puslespillbiter av osteskive 3 for dekking av skiva(legg aldri dobbelt). Overskytende biter legges tilbake med osten til neste skive
En ekte sunnmøring går for en kombinasjon av disse..
Eg tok i dag kontakt med Terje Aarset i Ørsta. Han veit det meste om Ivar Aasen si ordbok - og det tok ikkje lang tid for han å finne svaret.
Aasen har funne ut at ein lokal variant av ordet i Ørsta var "Korve", men at dette ordet kjem av Kverva eller kverve. Og så forklaringa til Ivar: "Vidjering som festes på hjørnet av et gjerdeled for å holde det lukket". Så veit vi det.