Filmen ligg til sal på Bellingen og Slettedal og koster 150 kr.

Om filmen:

Under snøen er ein dokumentarfilm om ein stad, eit samfunn
og eit liv som ein gong var. Kjører du nedover Bondalen på
Sunnmøre, susar stadnavn og gårdar forbi, men eit område
er viska vekk frå kartet. Staden heiter Rise.

I 1968 budde det 20 menneske her. Der var også 100 dyr
og staden blei beskreve som eit klyngetun. At det var eit
klyngetun betyr at husa stod så tett som mogleg for å verte
verna mot farene som truga i fjella omkring. Rise var
rekna for å være ein sikker tusenårsgard, så menneska
som budde der følte seg heilt trygge - inntil 17 av dei 20
husa og 11 menneske brått vart tekne av snøskred ein
mandags morgon vinteren 1968.

I filmen møter du Ragna Riise, Anne Berit Riise og Knut J.
Riise som opplevde raset og andre som gjorde ein heltemodig
innsats. Dei har alle ei sterk historie å fortelle.

 

På DVDen ligger også en del ekstramateriale:

Kjell Arne Årseth fortel (9,17 min)

Arkivfilm av Harald Duklæt (4.09 min)

Dagsrevyen 19. feb. 1968 (5.40 min)

Arkivfilm av Sveinung Berge (8.31 min)

Kronprins Harald på Rise (2 min)