Den store rundturen.

Sæbø-Leknes-Norangsdalen-Fivelstadhaugen-Urbakkjen-Blæja
-Kårdalstindane-Kårdalen-Leira- Bjørke -Sæbø

 Onsdag kveld og natt til torsdag  var det nok mange som var spente på korleis veret ville verte på torsdag. Det var difor ei stor glede å vakne til nesten skyfri himmel og skoddefrie fjellsider tidleg torsdag morgon.
Ca. 50 fjellglade personar møtte opp på ferjekaia på Sæbø, medan nokre andre møtte opp på Fivestadhaugen. Alle like blide og forventningsfulle.
Det vart ein flott tur for dei 60 deltakarane, og det er litt synd at ca. 40 personar som kunne tenkje seg å vere med, ikkje fekk vere med oss denne gongen
Under er ein del bilete frå turen
Derom du vil sjå bilete større format,kan du berre dobbelklikke på dei.

 

 

 

IMG_7698
Flott på Hjørundfjorden ein slik morgon. Litt skodde i Norangsdalen
uroa ikkje særleg.

IMG_7701
Ein del av turfylgjet ivrar etter å kome i gang frå Fivelstadhaugen.

IMG_7706
Så er vi gang med fotarbeidet.

 

IMG_7710
Ca. 500 m.o.h  kom vi over skodda og fin blå himmel dukka opp.

IMG_7711
På tide å kvitte seg med ein del av kleda og fylle opp vassflaskene.

IMG_7714
Skodde kan vere fint det, berre ein er på rette sida.

 IMG_7716
Så traskar vi vidare mot Urbakkjen. Blæja til Høgre.

IMG_7721
Slutt på det grøne. No vert det mest grått og Urbakkjen ber
vel kanskje namnet med rette.

IMG_7723
Matpause på Urbakkjen (1140 m.o.h ).Herifrå kan ein også gå ned
i Kvitelvdalen og så vidare ned i Tyssedalen og til Bjørke.

IMG_7725
Så vandrar vi vidare oppover mot Blæja.Skodda i Norangsdalen
har letta.

IMG_7728
På toppen avBlæja ( 1420 m.o.h ) er det ei flott biletramme og
eit like flott motiv.

IMG_7730
Utsikt frå Blæja mot Viddalsdalen og Hjørundfjorden.
Jakta til høgre.
 

IMG_7731
Mange ivrige fotografar på Blæja, så for den som sto litt bak i køen
vart det berre bakendar å sjå i linsa..

IMG_7732
Det var sikkert verdt å reise frå Sverige for å få med seg
denne utsikta.

IMG_7733
Godt humør på toppen av Blæja.

IMG_7736
Utsikt mot Fivelstad og Kviteggja.

IMG_7737
På veg ned frå Blæja.

 IMG_7739
Pause før  siste oppstigninga mot Kårdalstindane.

IMG_7741
Utsikt mot Kvitelvdalen, Hornindalsrokken,Rokkekjerringa og 
så skimar vi så vidt Tyssevatnet.
 

IMG_7744
Så startar siste etappe opp mot Kårdalstindane.

IMG_7747
Ein flink og disiplinert gjeng nærmar seg toppen.

IMG_7750
Kun få meter att før ein er oppe.

IMG_7755
Toppen er nådd ! 1490 m.o.h. Stort platå å boltre seg på.

IMG_7757
Ca. 600 meter frå høgste punktet står varden ( 1475 m.o.h )

IMG_7759
Heilt vindstille på toppen, så vi hadde ei lang pause som også omfatta
loddtrekking av gevinstar frå sponsorane Tussa og Sparebanken Møre.

IMG_7762
Frå varden gjekk vi så over ein bre for å få nyte utsikta ut gjennom
Hjørundfjorden.

IMG_7763
På veg mot Årvikstindane og Vår Herres Skosyl.

IMG_7767
Siv Osdal balanserer på Årvikstindane.

IMG_7773
Storparten av deltakarane samla ved Årvikstindane.

IMG_7776
Posering ved Vår Herres Skosyl.

IMG_7791
Hjørundfjorden. Vi skimtar Viddal nede til høgre. 

 

 

IMG_7793
Her ser vi Leira,Sætre, deler av Bjørke, fremste delen av Skjåstaddalen
 og Bakkedalen.

 IMG_7796
Siste stopp på kanten av Kårdalen.

IMG_7799
Så er det siste etappe til fots frå Kårdalen ned til Sellereite

IMG_7804
Det smakte godt med mat då vi kom til Handverkskafeen på Bjørke.

IMG_7805 
Framfor Handverkskafeen som har hatt mykje besøk kvar søndag i
heile sommar.

IMG_7806
Solrun Osdal (biletet ) og Berta Saure stod for serveringa.

 

 

IMG_7811
Stillt og fint på Hjørundfjorden og eit godt høve til  å studere
dei mange flotte fjella som omkransar fjorden. Her ser vi Jakta.

IMG_7813
Turleiar Hildegunn Mork ser ut til å vere nøgd med dagen, og er sikkert
her allereie konsentrert om turen til Bytingstind i Bjørkedalen som ho
skulle leie dagen etter. Bjørkehornet i bakgrunnen
.

Dei tre turleiarane vil med dette takke alle turdeltakarane for ein
fin tur der alle oppførte seg ekemplarisk, og såleis gjorde oppgåva
vår lett å utføre.
Vi vonar at vi kan treffe dokke på ein liknande tur neste sommar,for vi
ynskjer at dette kan verte ein tradisjon.
Fortsatt god sommar !