Den store rundturen.
Sæbø-Leknes-Norangsdalen-Fivelstadhaugen-Urbakkjen-Blæja
-Kårdalstindane-Kårdalen-Leira- Bjørke -Sæbø
Onsdag kveld og natt til torsdag var det nok mange som var spente på korleis veret ville verte på torsdag. Det var difor ei stor glede å vakne til nesten skyfri himmel og skoddefrie fjellsider tidleg torsdag morgon.
Ca. 50 fjellglade personar møtte opp på ferjekaia på Sæbø, medan nokre andre møtte opp på Fivestadhaugen. Alle like blide og forventningsfulle.
Det vart ein flott tur for dei 60 deltakarane, og det er litt synd at ca. 40 personar som kunne tenkje seg å vere med, ikkje fekk vere med oss denne gongen
Under er ein del bilete frå turen
Derom du vil sjå bilete større format,kan du berre dobbelklikke på dei.
Flott på Hjørundfjorden ein slik morgon. Litt skodde i Norangsdalen
uroa ikkje særleg.
Ein del av turfylgjet ivrar etter å kome i gang frå Fivelstadhaugen.
Så er vi gang med fotarbeidet.
Ca. 500 m.o.h kom vi over skodda og fin blå himmel dukka opp.
På tide å kvitte seg med ein del av kleda og fylle opp vassflaskene.
Skodde kan vere fint det, berre ein er på rette sida.
Så traskar vi vidare mot Urbakkjen. Blæja til Høgre.
Slutt på det grøne. No vert det mest grått og Urbakkjen ber
vel kanskje namnet med rette.
Matpause på Urbakkjen (1140 m.o.h ).Herifrå kan ein også gå ned
i Kvitelvdalen og så vidare ned i Tyssedalen og til Bjørke.
Så vandrar vi vidare oppover mot Blæja.Skodda i Norangsdalen
har letta.
På toppen avBlæja ( 1420 m.o.h ) er det ei flott biletramme og
eit like flott motiv.
Utsikt frå Blæja mot Viddalsdalen og Hjørundfjorden.
Jakta til høgre.
Mange ivrige fotografar på Blæja, så for den som sto litt bak i køen
vart det berre bakendar å sjå i linsa..
Det var sikkert verdt å reise frå Sverige for å få med seg
denne utsikta.
Godt humør på toppen av Blæja.
Utsikt mot Fivelstad og Kviteggja.
Pause før siste oppstigninga mot Kårdalstindane.
Utsikt mot Kvitelvdalen, Hornindalsrokken,Rokkekjerringa og
så skimar vi så vidt Tyssevatnet.
Så startar siste etappe opp mot Kårdalstindane.
Ein flink og disiplinert gjeng nærmar seg toppen.
Kun få meter att før ein er oppe.
Toppen er nådd ! 1490 m.o.h. Stort platå å boltre seg på.
Ca. 600 meter frå høgste punktet står varden ( 1475 m.o.h )
Heilt vindstille på toppen, så vi hadde ei lang pause som også omfatta
loddtrekking av gevinstar frå sponsorane Tussa og Sparebanken Møre.
Frå varden gjekk vi så over ein bre for å få nyte utsikta ut gjennom
Hjørundfjorden.
På veg mot Årvikstindane og Vår Herres Skosyl.
Siv Osdal balanserer på Årvikstindane.
Storparten av deltakarane samla ved Årvikstindane.
Posering ved Vår Herres Skosyl.
Hjørundfjorden. Vi skimtar Viddal nede til høgre.
Her ser vi Leira,Sætre, deler av Bjørke, fremste delen av Skjåstaddalen
og Bakkedalen.
Siste stopp på kanten av Kårdalen.
Så er det siste etappe til fots frå Kårdalen ned til Sellereite
Det smakte godt med mat då vi kom til Handverkskafeen på Bjørke.
Framfor Handverkskafeen som har hatt mykje besøk kvar søndag i
heile sommar.
Solrun Osdal (biletet ) og Berta Saure stod for serveringa.
Stillt og fint på Hjørundfjorden og eit godt høve til å studere
dei mange flotte fjella som omkransar fjorden. Her ser vi Jakta.
Turleiar Hildegunn Mork ser ut til å vere nøgd med dagen, og er sikkert
her allereie konsentrert om turen til Bytingstind i Bjørkedalen som ho
skulle leie dagen etter. Bjørkehornet i bakgrunnen.
Dei tre turleiarane vil med dette takke alle turdeltakarane for ein
fin tur der alle oppførte seg ekemplarisk, og såleis gjorde oppgåva
vår lett å utføre.
Vi vonar at vi kan treffe dokke på ein liknande tur neste sommar,for vi
ynskjer at dette kan verte ein tradisjon.
Fortsatt god sommar !
Kommentarar
Det var min beste sommardag i år, trass tøff stigning både opp og ned.
Eg vert med neste år også :-)
Andrea
Her ståt ingenting om kor lang tid det tok? Kan nokon svare på det?
mvh Eldar Tandstad
Målet vårt var å gå i ei samla gruppe der det ikkje var om å gjere å gå fort, men at kvar enkelt skulle få tid til å oppleve og nyte den fantastiske naturen. På ein slik fellestur er det viktg at deltakarane får tid både til å fotografere og prate med kvarandre.
Tida vi brukte totalt på heile rundturen var ca.11,5 timar