Valsetheida/ Eitrefjellet 2010
Dei som var med på turen var: Kanutte, Helga, Unni, Manuela, Janneche, Hilde, Norunn, Ola, Jorunn, Marita, Fred, Jonny, Rolf, Kari, Marta, Bodil, Lisabel, Maria og Terje.
Ola var oppe i hytta og venta på oss, og Rolf kom springande og rakk akkurat og vere med på det store fellesbildet.
Vi møttest på tunet til "Kalvattens" og gjekk i godt merka rås oppover mot Heida.
I granskogen var det mjukt og godt og gå, veret var varmt og deilig.
Dei yngste er srpekast og heldt eit godt tempo oppetter skogen.
Vi såg mykje flott sopp som har laga seg til, skogens gull.
Her er ingen i tvil om vegen vel, godt merka!
Her har vi drikkepasue, ved sida elva Tvergrova.
Godt og kome seg over grova,
Lisabel, Maria og Marta måtte av og til vente litt på oss andre.
Her er dei gamle selmurane frå Tvergrova.
Terje var kjentmann og guide, og vi fekk høyre om mongt frå vassrettar til diverse anna.
Brattaste biten var no unnagjort, og vi kan nyte utsilta.
Lisabel ser mot Bjørdalen og området rundt.
Fred opp siste bratta med Rognestøyldalen bak seg.
Ivrig diskusjon om kva som ligg kvar og kva for fjell som er der, utruleg for ein oversikt ein får frå Heida.
Heida har eit utruleg godt terreng å gå i , bak i bildet ser vi Trollbotnen med Trollvatnet.
Huskar best om vinteren med dei fantastiske hopprenna som var der.
Her er vi framme ved hytta til Ola, ved Korsvatnet.
Legg merke til at vi har fått opp turboks med bok i på veggen.
Her var det godt med ei skikkeleg pause, varmt og godt,
Hytteverten Ola og Fred i godt prat.
Midt i bildet kan du skimte tre karar som gjekk mellom vatna mot Eitrefjellet.
Her ser vi både øvre heisstasjon på Eitrefjellet og Storevatnet.
Her rundar følget Storevatnet, utsikt mot Volda.
Dette er eit fabelaktig turområde om vinteren men også på sommaren er der mange muligheiter og flott terreng og gå i.
Her Storevatnet med trekket i Nottane bak.
Også alle desse fantastiske flotte steingardane.
Her er øvste tidtakarbuda i Nakkeløypa.
Her er det sykkelløype for dei som vil prøve det!
Vi heldt oss på føtene.
Unni og Manuela med fjella rundt Rognestøyldalen bak seg.
No er det siste biten igjen Gamlevegen til Tvergrova, sola brenn i fjella og det sr varmt og fint å gå.
Her mot Tua og Grøthornet, Solskinshatten/ Lissetinden og Storetinden.
Vel tilbake til utgangspungtet, Kari kom heimatt i går frå fjellturar i Lom området blant anna på Galdhøpiggen, ho er sprek!
Marite Norunn og Manuela.
Takk for laget alle!
Neste måndagstur er Klokkura/ Tryvatna.
VEL MØTT!
Kommentarar