Alt regnet har gjort råsa sleip og glatt, våt og gjørmete, men turen var fin og her er mange fornøgde fjes!
Det kan vere lett å gå seg vill i jungelen, men her er godt merkt og råsa er tydeleg. Ved Ospehaugen pustar vi litt ut og nyt lyden av rasling i ospelauvet.
"Ut på tur aldri sur" passar bra på denne glade buketten :))
Vi vil berømme dei to yngste damene som var med, ikkje mykje klaging frå denne kanten.
Nedste Skaret, eit lite flatt platå med krokete bjørk og utsikt utover fjorden.
Endå eit stykke å gå, skogen har vorta meir glissen og ormegraset veks godt.
Vi nærmar oss snaufjellet, utsikta imponerer.
Endeleg oppe! Her bles det friskt og det gjorde godt å pakke på seg varme kle og få i seg ein matbit. Ein god strekk i lyngen vart det også tid til.
Høgdepunktet på turen til Sæbønestua er å nyte den fantastiske utsikta, både fastbuande og tilreisande let seg imponere. Her fekk vi jammen eit glimt av sol og blå himmel også.
(her er eg usikker på navna til enkelte dessverre)
Bak: ??, Hanne, Anne Fride, Lavin, Ingrid, Hilde, Bernt Arve, Fred, Kari, Haldis, ?? Jonny, Gunnar, Arne.
Framme: Ann Helene, Marit, Johanne, Sissel, Rolf, Bente.
KJEKT AT DE TOK TUREN !! Det var ein prestasjon å komme seg opp i dag, og nedturen var også krevande.
Neste mandag seier vi velkommen til tur i Gunnar-råsa, vi møtest i Fonnvernet kl.18.00
Foto: Ann Helene Urkegjerde.
Kommentarar