Inge Karl Haandlykken | Torbjørn Urke |
Tidleg i juni hadde vi ei første påminning her på portalen om kulturkvelden og vi minner på nytt om at det er på Urke det skal skje laurdag, 7. august!
Programmet for kvelden er samansett av verbale og musikale innslag. I tillegg til Inge Karl Haandlykken skal Torbjørn Urke fortelje oss om det han har lært av eldre i på Urke om vertegn, om sol og måne, om flo og fjøre og kjenner vi han rett vil også stjernehimmelen der heime bli eit tema i hans bidrag.
Plakaten for kvelden ser slik ut og fortel om meir som skal skje:
Plakaten er oppslag på Urke Landhandel og i Info-bua på Brua-parken.
Halvard Urke og Arvid Stennes har vi hatt med som spelemenn både på Heimkomehelga i 07 og Urke-Helg i 08 og 09. Og då står m.a. "Urke-valsen" på repertoaret, vil vi tru.
Venke Katrin Urke Oksavik og Tom Andersen debuterer på denne kulturkvelden med duettsong. Dei framfører helst gamle "svisker" som skal røre oss langt inn i hjarterota. Janine Berg akkompagnerer dei to.
Og sjølvsagt blir det mat med noko attåt. Det er dei flittige hender i Urke Grendalag som syter for den kulinariske trakteringa.
Det er dugnadsånda som har kalla på aktørane og dermed er det ikkje inngangspengar for kulturkvelden. Men vi betaler for mat og drikke..
Så seier vi Vel Møtt til ein hyggekveld på Grendahuset neste laurdagskveld, 7. august kl. 19.30.
Kommentarar