Det er Hjørundfjord kulturvernlag som er arrangør for turen og turen er gratis for deltakarane.  Vi samlast kl.10.00 ved Storsætra som ligg ved fyrste dyrkningsfeltet i Kvistaddalen. Vegvisarar er Helge Nordang og Ivar Svein Mo som har lagt opp turen i fleire etappar.

20080727_3679_1

Råsa mot Kvamsedalen går frå Vasstøylen over Kvamsedalsfjellet som vi ser i bakgrunnen på bilde

Den fyrste etappen går til Vasstøylen og er ein fin familietur som er lite krevjande. Den neste etappen går til Kvasedalsreset over fjellet og forbi fjellvatna slik ei får sjå nedi Kvamsedalen. Dei som då ikkje føler seg sterke nok til å ta turen nedi sjølve dalen, kan på eiga hand ta seg heimatt over fjellet sjølve. Dette er ein fullverdig fjelltur som ein godt kan avslutte der og då.

20080727_3683_1

Frå reset på Kvamsedalsfjellet  ser ein nedi Kvamsedalen og vatnet i bakgrunnen.

20080727_3686_1

Vegvisarane ilag med dei som vil nedi dalen fortset ned mot Kvamsedalsstøylen og vert veret dårleg, er det mogleg å få kome under tak i eit av dei sela som er der.

 

20080727_3702_1

Frå Kvamsedalsbrunene ser ein ned i Hjørundfjorden til Viddal, Leira, Kalneset, Bjørke og Finnes.

 

På vegne av Hjørundfjord kulturvernlag ynskjer vi alle velkomne på denne flotte turen. Dette er ein krevjande tur for dei som ynskjer å fullføre heilt til Kvamsedalsbrunene og det krevs god sko og skulle veret verte surt er det viktigt med eit evnt. klesbyte.

Og sjølvsagt er ein skikkeleg nistepakke og drikke svært viktigt.

 

Vel møtte!