Tysdag kveld kom NRK temet som skal lage TV serie om norskekysten. "MS Nybakk" skulle være ved kai kl. 20.00, men kom eit par timar tidlegare enn planlagt. Orsaka for at ankomsta til Sæbø var framskynda, var at det skulle filmast på Runde, men sjøen var for grov til at det kunne gjennomførast. Men Hjørundfjorden var stille, og for stille for mannskapet og fotografar, for dei ville ha litt sjø for å få fram litt dramatikk i fjorden. Ja sjøen var så stille og rolig at fotograf Dag Indrebø gjorde det han vanlegvis ikkje gjer,- å gå frå det dyre kameraet til NRK utan å sikre det, for å hente eit linsepapir. I det han kom ut att, såg han det livsviktigtige kamerautstyret lene seg mot båtrekka og det såg ut til å gå skikkeleg gale, men som eit under retta båten seg opp og kameraet gjekk tilbake til sin plass.

- Eg vart heilt skjelven, seier Dag, for berre kameraet har ein verdi på over ein halv million og på disken i  kameraet låg heile dagens produksjon frå Ulsteinvik området. Kanskje kunne vi berge opptaket dersom vi fekk tak i kameraet, men å få det opp frå 3-400 meters djupte er vel ikkje å tenke på eingong. Løysninga ville nok være å få tak i nytt kamera og begynne og gjere oppatt dagens opptak

Fotograf Dag rekonstruerar her nesten ulukka

NRK fotograf Dag Indrebø rekonstruerer her nesten-ulykka. Foto NRK

Men fotografane til Lindebjerg var klar til oppdrag på Sæbø og Bondalen omgåande etter dei kom til kai, så turen ilag med mannskap og NRK gjekk til Rekkedal Gjestehus.

"MS Nybakk" er eit 50 års gamalt kystfartøy som er eigd av eit kystlag i Måløy- Nybakks venner. Ombord er maskinsjef Audun Nybakk og broren Per Kåre Nybakk som er borneborn til den tidlegare eigaren. Båten er ikkje sertifisert for transport av pasasjerar, men vert finannsjert ved å ta ombord mannskap i forskjellige oppdrag og stå for matservering ombord. Når ikkje det er liknande oppdrag som no, går mannskapet til byane og ligg ved kai og sel lokal mat. Dei har greidd til no å selje for 1,5 milionar i året. Per Kåre er ellers til daglig agent ved Kaffehuset Friele As i Bergen. Etter besøket på Rekkedal vil han utvide mattilbodet ombord  med Råmjølkspudding, for denne gamle matretten smakte utruleg godt, sa Nybakk.

Mannskapet frå "MS Nybakk" hadde også eit ynskje på turen fram til Rekkedal å få sjå kvar den gamle læraren deira frå Kvistad budde, -lektor Johan Kvistad,  som dei hadde i ungdomsskulen i Måløy. Det vart ikkje tid å køyre om Kvistad, men litt peiking og muntleg orientering fekk dei, av sjåføren.

IMGP8220_2_1

Bjarne Rekkedal tok imot NRK og sjøfolka på tunet. Vertinne Margrethe står klar med velkomst drikk. Ein sjølvlaga urtedrikk

IMGP8222_1_1

IMGP8224_1_1
Opptak i tunet
Margrethe serverer velkomstdrikk.

IMGP8226_1_1

Og filmfotografen foreviga både bilde og lyd sjølvsagt, medan vertskapet fortel om gjestehuset si historie.

IMGP8230_1_1

Alle hus vart igjennom gått og filma og Lindebjergen var imponert over kva som fanst på kystbygdene.

IMGP8233_1_1

Fv. Maskinsjef Audun Nybakk, kokk og medeigar i MS Nybakk Per Kåre Nybakk, Dag Lindebjerg, vertskapet på Rekkedal gjestehus Bjarne og Margrethe Rekkedal og skipper på MS Nybakk  Magnar Hennøy

 

Nystova på Rekkedal

Men nyestova til Rekkedal gjestehus fekk gjestane til å stoppe opp. Her var det flott sa Lindebjerg og kven i allverden har måla tapeten? Foto NRK

 

IMGP8236_1_1

IMGP8248_1_1
Maskinsjef Audun fann seg godt til rette i vinstova.
Etter ein fire rettars middag med god drikke, var det tid til talar og godprat.

 

IMGP8245_1_1

IMGP8244_1_1

Programleiar Dag Lindebjerg takkar vertskapet for maten og fortalde om dei fantastiske menneska han hadde møtt på kysten. Lindebjerg var ein engasjert og flott talar. At han skulle få oppleve å få smake Råmjølkspudding var eit skikkeleg høgdepunkt.

Etter ein flott kveld fortalde Lindebjerg om storserien som skal gå på NRK. Det heile starta som eit meir eller mindre stunt som nesten ikkje var gjennomførbart, men etterkvart så har vi fått ei enorm støtte langs heile kysten og det er berre utruleg kva slags folk vi har fått treft. Og same kvar vi kjem, så merke kvinnfolka seg ut som dei som limer bygdene saman. Serien skal få fram det dagligdagse i bygda i kyst Norge, og ikkje noko oppkonstruert fakta. Vår serie har mykje likskap med Oddgeir Bruaseth sin " Der ingen skulle tru, nokon kunne bu"

"Kystnorge" har no stor interesse med over 85 000 treff pr dag på internettsida på Facebook. Dette er nesten rekord i norsk målestokk på antal treff og vi er ydmyke, seier Lindebjerg. Vi har ei stor utfordring ved å halde interesse oppe til serien skal sendast tidleg hausten 2011. Her må vi planlegge litt, og kanskje vi skal sende små klipp på nettet av opptak vi har gjort frå kysten. Men dette skal vi sjå nærmare på, avsluttar Lindebjerg

 

(Alle bilda kan klikkast på for stor størelse.)