048 (2)
Er det laks i nota, tru?  Ola Sæbønes (t.v.) Johan Sæbønes og Kanutte (Nutte)
Strand

Arne Hustadnes stod for opplæringa i -54.

Det var naboen på motsett side av Sæbøbukta, Arne Hustadnes som i si tid lærde brødrene Sæbønes - Ola(81) og Johan(80) – å setje ut kilenot.  Årstalet var 1954 og sidan den tid har dei to stort sett hatt kilenot ute , både ei og to, kvar sommar.  Og berre så det er sagt; ingen av dei har planar om å gje seg med dette fiskeriet sjølv om sesongen no er  korta ned og fangstane er sterkt redusert.

004   011b
Ikkje alle torver har eige namn, men torva i øvre biletkant (t.v.) heiter Møyatorva.  Amarius(Maien) Lyshagen, bestefar til Gunnar Lyshagen, klatra ein gong opp på denne torva, veit Ola å fortelje.  På foto til høgre ser vi elva Mienda.  Før høgtrykkspylaren vart teken i bruk var det her nota vart vaska.

På veg utover mot kilenota i Miendalsvika vedgår Ola, i alle høve nesten, at han er litt stolt over dotter Nutte som er med dei mest kvar dag ut og sjekkar nota.  Johan meiner at dersom nokon skal ta over etter dei to må det verte brordottera.  At det er kvinner med på kilenotfiske er forresten ikkje noko nytt på Sæbøneset.  Ola hugsar godt ein sesong han var så dårleg i ryggen at han nærast berre kunne krype på alle fire i båten. Han sette ikkje mindre pris på kona Else etter den sommaren.

Så er vi ved nota.  Ola står framme i baugen og tek først tak i blåsa.  Ho er merka 20013. Johan stoppar motoren samstundes som han kikar etter fisk. Snart har alle tre tak i nota og dei dreg båten sakte framover og ser intenst ned i kilenota. Dei ser først etter om laks har gått seg fast i sjølve nota – det hender at mindre fisk gjer det, men ingen slik fast pjakk eller laks er å sjå – heldigvis.  Dei tre likar best sprell levande storlaks som sym fritt nede i kavet.

015
Ola speidar etter laks i nota.

Ingen laks i nota?

Men sekunda går, ingen laks vert oppdaga.  Ola nemner bakstraum – eit ord dei ikkje likar.  Ein eventuell bakstraum i sjøen gjer at dei to inngangane vert større og det vert lettare for laksen å finne vegen ut att.  Så vert ordet brennesteikjar kasta ut. Konkrete namn  vert ikkje sagt – men vi alle forstår…

 - Der!  Johan har oppdaga den første blåe  lakseryggen og peikar.  Snart har Nutte sett den andre. No gjeld det å snurpe saman nota på ein slik måte at laksen kjem velberga opp i båten.  Dei tre er vel kjende med at laks kan hoppe over kanten.  Det sprellar nede i havet, men ikkje lenge etter ligg ein fin hanlaks  i båten. Med det same ser det ut til at han er sterkt nok til å hoppe over ripa, men roar seg då laks nummer to er om bord.  Det er Ola som bloggar – dei vil ha kvalitet.

022 026
Den fine laksen må gje tapt mot overmakta

Nei, ingen fleire laksar å sjå. Johan strammar opp tampar og knyter.  Dei to store blåsene skal vere ein del av ei rett line som skal ende opp ute i Molaupen. Det er slett ikkje tilfeldig at nota ligg der ho ligg.   Nutte rensar nota for tang, tare og gopler.  Gopler?  Ein brennmanet er vel rette ordet.  Nutte svir på hendene men får lita trøyst av far Ola.  Ola er forresten godt i gang med å reparere nota.  Han seier det ikkje, men dei største laksane i nota har nok funne veg ut gjennom denne opninga som han no er i ferd med å tette.

Dei fleste av oss likar nok sønnavinden best om sommaren, men sønnavind kan gje  bakstraum.  Nei, Johan seier det rett ut:  - Vi vil ha nordavind og sol. Snart har lettbåten frakta oss inn i hamna på Sæbøneset igjen. Brødrene Sæbønes har altså ei god hamn, ein god lettbåt og ei kilenot. Det er med andre ord ingen av dei to som tenkjer på ferietur i laksesesongen.

Takk for ein svært så hyggeleg tur. Dette var kort og godt ei oppleving for ein bonde midt framme i dalen.

Klikk på fotoa for å få dei i stor utgåve.

021 (2) 030 (2)
Som far så dotter - Nutte er laksefiskar.

047 054b
Ola (Sæbønes), notbøtar og laksebloggar.

070
Attende frå feltet.

007 045
T.v.:  Kanutte Strand - styrmann, Johan Sæbønes - maskinist og notbas.  Til høgre: Ola Sæbønes

065 
Som all laks på Sæbøneset vert også denne laksen vegen på bismar og så vert vekta notert i protokollen.

Vi var også ein tur ut i Høydalen.  Eg tek med eit par foto derifrå.

038b 054b
På foto til venstre - rett framom huva til Johan - ser vi det som var slåttemark heilt fram til 50-talet. Når graset vart for lant åt ikkje sauene det, men etter at det var slått og tørka var det glimrande vintermat.

059b
Johan speidar mot tidlegare slåttemark.

062b
Ein siste sjekk av kilenota før vi går til lands.