Det var ikkje snakk om å gå baklengs, springe med spesielle fjellsko, gå gjennom bestemte dalar, ikkje gå etter bilveg, gå eit bestemt tal høgdemeter osb.   Nei, målet for Trond Haugland (37) og Fred Ingar Somby (34) var kort og godt å gå/springe Hjørundfjorden rundt på kortast mogleg tid - og i alle høve ikkje bruke meir enn 24 timar frå ferjkaia i Hundeidvika til ferjekaia på Festøya.

009 076b
Fred Ingar (t.v.) og Trond på ferjekaia i Hundeidvika søndag formiddag,  klar for Hjørundfjorden rundt. Her er dei to fotografert 23 timar og 41 minutt seinare - like ved ferjekaia på Festøya.

Det har stått ein god del om denne turen i lokalavisa Møre-Nytt og Sunnmørsposten - og smp.no har skrive om både start og innkomst. Sjå fotoserien her.

Det er vel ikkje pedagogisk korrekt allereie no å opplyse korleis det heile enda, men dei to greidde å gå/jogge/springe rundt Hjørundfjorden på 23 timar og 41 minutt i fylgje klokkene og Fred Ingar sin Garmin GPS.

Hjørundfjorden rundt rute
Her er ruta Trond og Fred Ingar valde å gå.

Hj.rundt høydeplott rett vei
Og her er høgdeplott frå GPS-en.  Starten i Hundeidvika til venstre, Festøya til høgre. Det høgste punktet er overgangen mellom Konedalen og Viddal. Sævågsskaret?

Litt informasjon til frå GPS-en:

Antal km gått:  94,1 km rekna i planet (flatt) + 11500 høgdemeter = 105,6 km
Snittfart med pauser: 4,5 km/t.
Gangfart - helst langs asfaltveg: 6-7 km/t.
Joggetempo: 8-10 km/t.
Høgdemeter: Ca. 11500 m - halvparten oppover, den andre halvparten nedover.

Litt om ruteval

Frå Hundeidvika gjekk dei opp Megardsdalen og etter kvart over til Riksemdalen. Men over til Trandaldalen gjekk dei ikkje den vanlege ruta.  I staden gjekk dei opp vest for Tårnet - det raskaste alternativet, meinte dei to.

Bilde0079 Bilde0080
T.v.: Trond på det høgste punktet mellom Riksemdalen og Trandaldalen - vest for fjellet Tårnet. Til høgre er den same herren på veg ned mot Trandal.  Mobilfoto:  Fred Ingar Somby.

Så barst det ned til Trandal, innover vegen - her sprang dei litt for langt og måtte springe tilbake - og så bratt opp i Litledalen aust for Indre-Trandal.

Bilde0081
Trond ved inngangen til Litledalen (Trandal).  Under skimtar vi Hjørundfjorden.  Mobilfoto:  Fred Ingar.

Så kom det vanskelegaste punktet på turen; overgangen mellom Litledalen og Nordkopen.  Dei seier at dei var inne på tanken å snu allereie her, men dei kom seg opp.  Likevel vil dei ikkje tilrå akkurat denne passasjen til andre som vil ta turen rundt fjorden.

Bilde0082 Bilde0083
Turen opp til skaret mellom Litledalen og Nordkopen var prega av til dels vått svaberg.  Mobilfoto:  Fred Ingar.

Om det er nokon som saknar foto frå overgangen mellom dei to nemnde dalføra så skuldast det at underteikna var tre minutt for seint ute...

063b 076b (2)
Litt klyving først og så full fart ned Nordkopen på snø - mot Urkedalen.

081
Feileksponering av fotoet, men det er teke frå Nordkopen mot Urkedalen.

Vi som syklar eller køyrer bil likar god asfalt, men hjørundfjordenrundtspringarar (flott ord) set nok meir pris på ein god grusveg.  Asfalt slit kort og godt på føtene.

095b
Det flotte kaianlegget på Øye er nådd.  Legg merke til den flotte havseglaren på fjorden. 

 Neste utfordring, som det heiter, var elva ned frå Konedalen.  Det er sjølvsagt kjekt med temperaturar på over 25 grader, slik det var på søndag, men den nemnde elva vart stor.  Dei hadde ein liten bom på vegen ved inngangen til Konedalen, men turen fram til Sævågsskaret (er det rett namn?) - overgangen til Viddal - gjekk fint.  Dei gjekk mykje på snø her.  Og så kom det skikkelege regnvêret og dermed vart turen ned til Viddal noko meir tidkrevjande enn rekna med.  Dei måtte ta seg god tid for å finne den blå merkinga.  Seinare vart det mykje ormegras/blom.

Bilde0084 Bilde0085
På foto t.v. kryssar Trond elva som renn ned til Nordang frå Konedalen.  Til høgre ser vi han ved overgangen til Viddal - Sævågsskaret. Mobilfoto:  Fred Ingar.

Bilde0086
Ein våt fred Ingar på veg ned til Viddal - gjennom ormegraset.

Vel nede på fylkesvegen slutta det kraftige regnet og det gjekk mot natt.  Oppgangen til Kvamsedalen frå Finnes gjekk sør for elva.  Underteikna meiner nok at det hadde vore klokast å krysse elva ved Bjønnavadet og så gå opp på nordsida av elva.  Er det nokon som har meining om dette?  I alle høve, seier Trond og Fred Ingar, måtte dei til dels klyve bratt oppover i fonnmark og ormegras/blom også her.

012b
Over halve vegen er unnagjort.  Her er det matpause og fotpleie rett før Finnes.  Jakta over hovudet til Fred Ingar - bak treet.

Var det vanskelegaste punktet på turen svaberget opp til Nordkopen, så meiner Fred Ingar at den trasigaste strekninga var stigninga frå Finnes opp til Kvamsedalen.  At dei gjekk her om natta gjorde ikkje strekninga lettare. Men dei såg flaggermus.

Bilde0087
Noko som kjenner seg att?  Det er natt og svært sterk vind.  Trond er ved vatnet i Kvamsedalen.  Heldigvis hadde vi vinden i ryggen, opplyser han.

No var resten av turen nærast rein plankekøyring - hadde det ikkje vore for svært såre føter då asfalten frå Store-Standal til Festøya skulle forserast.  Rett nok skråa dei ned til høgre frå Nøvedalen slik at dei nærast gjekk rett ned til Standal (paddemark igjen) i staden for å ta den vanlege vegen litt til venstre og treffe vegen over Standalseidet.  (Klokt eller uklokt?)

055b
Fred Ingar og Trond ser lyset i enden av tunnelen.  Dei veit at dei greier turen på under 24 timar, men dei må likevel ta det med ro p.g.a. blemmer under fotblada.
I bakgrunnen her ser vi spydet til Heilag-Olav, spydet han kasta frå Follestaddalen, rett gjennom fjellet slik at vi fekk Gluggen, og så trefte spydet Trollgjøttemannen på motsett side av Hjørundfjorden og spratt så attende slik at det vart ståande der vi no ser det.

092
23 timar og 41 minutt.  Takk for turen.

Tysdag morgon, då Fred Ingar vakna, hadde han åtte blemmer - under den eine foten...