Stålberghornet er i vest (t.h.) 1038 moh. Frå sjøkanten og opp er det altså vel 1 km.

Langs fjorden er det omlag 1 km etter den gule streken. Så tenkjer vi oss ei kasse som har dette kvadratet (1 km2)som side mot oss. Vidare tenkjer vi at kassa strekkjer seg 1 km mot sør. Dermed har vi ei kasse på 1 km3.

norangsfjorden2

Her er ei kasse på 1 km3 innteikna i Stålberghornmassivet.

Så er tankeeksperimentet vidare:

Opp i denne kassa plasserer vi 6.870.839.236 menneske (folketalet i verda  17. juni 2010 kl. 04.35). Kvart menneske får 75 liter plass - eit gjennomsnitts menneske veg i snitt 75 kg.)

Når alle desse menneska er plasserte i denne kassa (uleveleg trangt, sjølvsagt), er det berre litt over halvparten av kassa som trengst for å røme alle (0.51 km3).

Det er i dette perspektivet eg tillet meg å minne om at vi menneska eigentleg er små i den mektige naturen rundt oss. Og at vi er rike på stein her i fjorden, er vel bevist ein gong for alle.