Lise Stokke og Marta Riise (begge 7. klasse) skal syngje Valsen til Hjørundfjorddagane i lag med barnekoret.
Jonas Jelti (10. klasse) skal syngje den flotte Løvlandmelodien You raise me up, i lag med Lisabel Hustad Øvrelid (9, klasse) på gitar og Marie Mundal Austrheim på piano.
Kirsten Ose, kjent frå mellom anna Hovderevyen, skal underhalde frå scena.
Det vert premiere på Hilde Ranheim sin eksamensfilm om den tragiske rasulykka som ramma Rise-gardane so hardt i 1968. Framsyning kl. 12.00 , 14.00 og 16.00 på klassreom nr. 7, vis á vis gymsalen.
Vi får besøk av ein tryllekunstnar.
Mannekengoppvising, med vising av ullklede frå Aud Hjelle og kjolar frå CATY (Cathrine Yksnøy).
Mange flotte utstillerar.
Sal av grillmat, rømmegraut, kaffi og kaker.
Messeportane stengjer kl. 18.00
Konsert i Hjørundfjord kyrkje kl. 19.00 i kveld.
Ytre Suløen Jass-ensemble og Tricia Boutté. Framleis nokre får ledige billettar.
Ta kontakt på telefon 915 69 591.
Det vert ungdomsdans på Grendahuset kl. 20.00, der countrybandet Crashville spelar opp til dans.
Vi ønskjer velkomne til ein flott dag på Sæbø!
Kommentarar