Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

IMGP2385
Dei vakre Urkedalstindane/Smådalstindane - delvis bak bjørka.  Fotoet er teke frå Haukåssetra i Urkedalen den 13.10.09.

Eg er ein av dei heldige som får spørsmål pr. tekstmelding, pr e-post  osb. om eg vil vere med på ein eller annan fjelltur på ski. I vinter har eg i tillegg fått ein ny fjellturkamerat - junior.  Han heiter som tidlegare nemnt Jakob og er 15 år. Reknar eg etter kjem eg fram til at det har vorte ni toppturar i lag denne sesongen, men den niande kunne vi nok ha greitt oss utan...

Håvard Myklbust har ein glimrande artikkel om den høgste av Urkedalstindane her på portalen.  Klikk her så får du lese han på nytt.  Men litt kritikk vil eg likevel kome med - Håvard gløymde å skrive at dette er ein laaang tur. :-).

Breifonna er kort og godt svær der ho ligg over vegen i Urkedalen ikkje langt framom Urkegjerde.  Vi kom altså fram til denne fonna med bil, men så var det berre å pakke og bere dei tunge sekkane med ski, sko og det andre utstyret framover dalen.  Før vi var framme i dalkrysset Urkedalen (eller Likkjedalen, som dei gjerne kallar denne dalen på Urke)/Nordkopen/Grøtdalen hadde vi også kryssa to andre fonner.

003b
Får ho ligge i fred smeltar vel ikkje Breifonna før i slutten av august.  I bakgrunnen kan vi skimte Skår og Skårasalen.

Her midt i Bondalen var det hard is på bilruta klokka 06 søndag morgon - den 30. mai!. Kjøleg hadde det det nok vore oppover Grøtdalen også.  Dermed vart snøbreen svært hard oppover og i eit skuffeparti vart det nærast uforsvarleg å gå med ski på føtene.  Diverre sklei Jakob og skrapa opp eine underarma. Ein kjenner seg ikkje som nokon god far i slike augneblink.

I boka "Fotturar på Sunnmøre" skriv forfattaren dette om turen oppover Grøtdalen frå Urkedalen/Likkjedalen: Turen har fleire fasar: God sti, elvekryssing, bratt kratt, kuperte morener, ur og bratt berg. Dersom forfattarane med dette meiner utriveleg paddemark er eg samd - etter at det ikkje er snø heile vegen opp.

025b 006b
Fotoet til venstre er teke opp Grøtdalen (fotoet er teke to dagar seinare). Dalen er brattare enn fotoet gjev inntrykk av.  Den siste strekninga opp gjekk vi på barmark til venstre for fonngjelet. Hadde vi vore 14 dagar tidlegare ute hadde det nok vore samanhengande snø heile vegen opp.
På foto til høgre gjer det godt med ein dose av Maxim energi.

011b 018b
Det er slakt stigande terreng nordover mot skaret til Regndalsbreen frå der vi skal gå vidare opp- og vestover mot toppen/toppane. På fotoet til venstre, øvst i høgre hjørne ser vi Bjønnatanna stikke fram.

Etter at ein har gått opp det bratte- og utrivelege partiet av Grøtdalen vert ein møtt av eit fantastisk fjellområde.  Her er det ingen kraftleidningar eller hytter som uroar og ein tur vidare oppover t.d. mot Bjønnatanna er absolutt ein flott tidleg-vårtur (men etter at dei utrivelege fonnene i Urkedalen har gått frå seg).  Men kanskje er det best å gå på Urkedalstindane og dei andre toppane frå Brunstad i Velledalen?

027b 030b
Jakob på veg mot toppen. Nokre vil vel lure på om han gjer dette frivillig, men slik er det.

032b

 035b 040b
Vi hadde bestemt oss for å gå med ski på heilt opp, men den siste strekninga vart for bratt  - snøen ville berre skli unna med ski på føtene. På foto til venstre ser vi Velledalen med Hjorthol i bakgrunnen.

No er ikkje underteikna ukjend med tidspress på fjellturar og søndag gjekk det på same vis.  Vi hadde avtale om å rekke 1645-ferja frå Lekneset og sidan det vart ein heller lang tur måtte vi auke tempoet mot toppen.  Men kva skjedde når vi kom opp på det som vi trudde var toppen?  Jau, der var ein ny og litt høgare topp litt lengre bak.  Vi vurderte og tenkte, men kom fram til at vi ikkje hadde dei ekstra 20 minutta det sikert var trong for og snudde her.

042b 046b
På foto til venstre ser vi Råna bak Jakob.  På foto til høgre ser vi at vi denne gongen ikkje nådde den høgste av Urkedalstindane/Smådalstindane.  Men er det nokon som veit om denne toppen som Jakob her står på har noko eige namn?

051
Vakre Råna.  Sunnmøres største bre - Regndalsbreen - under.

052
Kva ser vi her?  Klikk på fotoet for å få det i stor versjon.

Vi gjekk nesten heilt til skaret mot Regndalsbreen før vi tok vegen vest- og oppover mot toppen.  Vi hadde tenkt å renne ned dalen til høgre når vi ser austover frå toppen.  Har denne dalen noko namn?  P.g.a. lite snø vart det problematisk å kome seg over til denne dalen (eller skal vi seie eit breitt gjel?).  Vi rann difor ned same vegen som vi kom opp.  Turen ned med ski var fin, men snøen hadde ein tendens til å kome etter oss p.g.a. topplaget som blautna raskt ut på ettermiddagen.

056b 072b

067
Jakob på veg nedover.

Turen ned Grøtdalen gjekk langt betre enn opp.  Topplaget på snøen hadde mjukna ein god del og vi satsar på at stein, mold og kvist i snøen ikkje gjorde for mykje skade på ski.

076b
Godt å få på joggesko igjen.  Nordkopen i bakgrunnen.

Takk for turen.

Heilt til slutt tek eg med eit par fonn/skredfoto. Alle fonner i Urkedalen/Likkjedalen hadde gått svært så store i år.  Ikkje berre var dei store, men dei hadde også ført mykje både mold, sand og stein med seg.  Kanskje er det ein kvan som veit kva dei heiter?

079b 024
Desse tre fonnene ligg framom Haukåssetra.  Eg kan ikkje fostå anna enn at dei må vere kolossalt store.  Men kva nemn har dei?  Er ei av dei Røyfonna?

------------------------------------

Fonn og bom

Har eg nemnt det før? Bommen og fonna i Urkedalen?  No vil eg sjølvsagt ikkje lage det utriveleg for nokon, men no ligg, som nemnt i artikkelen over, Breifonna der over vegen - kolossalt stor. Og på motsett side av Urkedalen, noko framom Klokk, har vi den eine bommen - på tvers over vegen slik ein bom skal vere.

No ligg der rett nok fleire kilometer med fin veg mellom bommen og Breifonna, men det er vel berre bra?  No slepp alle vi som enno greier å kave oss over ei stor fonn og som attpåtil kan gå nokre kilometer, å verte uroa av dei som ikkje er så flakkføre. Og desse sikkert gamle folka slepp også å uroe både fugleliv, dyreliv og dei vakre blomane i den vakre  Urkedalen eller Langseterdalen. (Mange på Urke kallar forresten Langseterdalen for Stordalen).

Ja, snart er det på tide at Naturvernforbundet, og andre som kjenner stor glede av å ha fått stoppa den sikkert svært store biltrafikken i dei to nemnde dalane, å feire eittårsdagen for dei to bommane som no er sett opp. . Eg skal ikkje øydelegge noko med brevskriving eller lesarinnlegg.  Det er berre å gratulere.  Men kanskje skal eg minne dykk om bragda på nytt når to-årsdagen for bommane skal feirast?

029 023b
Skal Breifonna smelte vekk frå vegen av seg sjølv vil det heldigvis gå laang tid før dei som ikkje kan gå så langt kan vitje den vakre Haukåssetra. For; på motsett side av dalen stengjer...024
...bommen.