Vartdal inviterte jentelaget (jenter 10 år ) til Vartdal på turnering i dag. Det var godt oppmøte, både av trenerane og spelarane.
Me spelte fyst mot Ørsta. Hevda oss bra, meinar det vart tap med eit mål. Jentene var kjempeflinke !
Andre kampen gjekk mot Volda 2, fyst helsar me på kvarandre.
Det vart ein god kamp for Sæbø :)
Me hadde med oss godt publikum som heia - og trenerane er flinke til å gi gode råd og oppmuntre jentene!
det var også med småsøsken som fant sine måtar og underhalde seg på ..
Det var ein liten pause før siste kampen, og slusene var vidåpne mesteparten av tida. Nesten så regnet akslererte etterkvart som siste kampen vår nærma seg.
Litt oppvarming før kamp måtte til !
Så spelte dei mot Vartdal. Me hadde fleire sjansar på mål, men desverre for oss hadde Vartdal ein god keeper.
Totalt sett er me veldig fornøgde med resultata, og me gler me oss til neste turnering. Så kan ein håpe på litt mindre regn då :-)
Kommentarar