IMGP4967_1

Bjørke sett frå Finnes.

Båtane er på plass.

Etter mange år med restaurering er Notanaustet på Bjørke no tilbake på murane, veggane er komne på plass med både gamle båtbord og skoren or. Hjørundfjord kulturvernlag har hatt det formelle ansvaret med fagleg råd frå Kulturavdelinga i Møre og Romsdal. Dyktige grunneigarar og naboar på Bjørke har lagt ned mange hundre dugnadstimar. Dei har gjort eit fantastisk arbeid. Kulturvernlaget har fått førti tusen med Kulturavdelinga til arbeidet, det har gått til innkjøp av materiale. Alt arbeid er gjort på dugnad, få det tretten meter lange grindebygget på murane og stive det opp, rive av gamal og rota kledning, få tak i båtbord og sage ned skog som vart skóre til bordklening, ta ned annen skog og bringe til sag så det kunne verte til golvplankar. No er to notbåtar og fleire nøter på plass. I det heile ein fantastisk dugnadsinnsats frå folk i ei lita bygd.

Kulturkveld.

Siste laurdagskvelden i juni byd Hjørundfjord kulturvernlag og Bjørke grendalag inn til kulturkveld i naustet, det vert laga til med sitjeplassar og benkar i og utanfor naustet. Trubadur Sigbjørn Follestad vil syte for musikk og humoristiske innslag, lokale historikarar vil fortelje sanne og usanne skrøner frå tida då notanaustet og fisket hadde var ei viktig attåtnæring. Dette vert ”Rorbuda” i Notanaustet.

IMGP4965_1

Finnes med Jakta i bakgrunnen

Elles er naustet omgjeve av dei flottaste kulisser, med Finnes og Kalneset på kvar si side og Jakta i bakgrunnen. Dette vert ei natt ein ikkje bør sove bort og turen heim frå Bjørke gjennom Skjåstaddalen og over til Ørsta eller Volda er ei trollsk oppleving i seg sjølv.

Servering.

I høve denne kulturkvelden har Kulturvernlaget fått løyve til å selje øl og vin i tillegg til brus og små mat. Mange som stammar frå Storfjordområdet kjem heim til denne helga, dette vert kvelden ein kan møtast og ha tid til å prate. Bygdefolket som har hatt hendene fulle med tunellopning på dagtid og Festspelkveld i Notanaustet kvelden før, kan no ta det med ro og senke skuldrane.

Elles vonar vi i Hjørundfjord kulturvernlag og Bjørke grendelag at mange tilreisande også kjem frå bygdene rundt. Er det lenge sidan du var på Bjørke, nytt denne kvelden eller kvelden før til å ta turen.

 

Synnøve Rekkedal Hill på vegne av

Hjørundfjord kulturvernlag

Bjørke grendalag.