Først kom regnet, så kom laksen. Mykje tyder på at denne utsegna er sann. No på starten av laksesesongen er det nemleg tekne nokre laksar i Ørstaelva. Svein Aam fekk fredag ein av dei - ein laks på 6,5 kg.
Svein med årets første laks i Ørstaelva - ein fisk på 6,5 kg.
Svein meiner det er for tidleg å trekkje konklusjonar, men opning av årets sesong er i alle høve betre enn fjoråret. I 2009 var det eit uttal med bomturar i Ørstaelva for Svein - han fekk ingen laks.
Men som nemnt er Svein ein svært så ivrig laksfefiskar. Sjølv om sesongen opna så seint som 1. juni har Svein rokke å vitje både Eidselva og ei elv i Sunnfjord og ein laks - rett nok ein som har stede over - vart fiska i sistnemnde elv. Men i morgon er det Hjørundfjorddagane som vert prioritert.
Han skal vere med i den viktige debatten "Kva skjer med villaksen?" saman med m.a. fleire stortingsrepresentantar. For den som ynskjer villaksen eit godt liv er det viktig å få med seg denne diskusjoenen. I tillegg vil Svein vere bokseljar på eigen stand. Dei som enno ikkje har sikra seg den kritikarroste boka til journalist og forfattar Svein Aam, "Lakseeventyret", får kjøpt boka her - sjølvsagt med messerabatt.
Kommentarar
Snakka med Roger Korsnes nett no. Han hade fått 2 lakser under opninga i Ørsta.
Sia har det vore svart.
"Business as usual....." synest det....
Oppdettslaks kommer ikkje i min munn lenger, så difor har eg byrja sjå over fiskeutstyret.
Må difor skaffe med nokre villaksar... Bryt vel kanskje med eit prinsipp, men kven som fiskar laksane i perioda 20. juni -20 juli i elva er det same.
Så Jarle, Jostein, Arnljot, Rolf, Nils m.fl.
Lat oss lokale syne oss at!!