Men så har Urke Grendalag heller ikkje hatt sugerør til regjeringa sine mange krisepakkar. Gjennom stor eigeninnsats, trivelege dugnader med raus arbeidslyst er det råd å få ting til å vekse og gro likevel.

For eitt år sidan voks høymola meterhøg her på dette området. Eit lite prydeleg fryseri sto for fall og og lysta til å pynte opp området tok overhand i Urke Grendalag.

Nokre mektige steinar er plasserte langs skråninga mot elva. Den største minner om Slogen i mindre utgåve. Langs vegen er det blomster-urner der blomkarsene ventar på sommarvarmen før dei viser seg i frå si beste side.

Tre solide ute-bord og eitt inne i bua inviterer til å sette seg, nyte nista eller kjøpe deg ein nysteikt pizza, nysteikt brød og pålegg frå butikken tvers over vegen. Eller du kan berre sette deg ned og lytte til elvasusen.

Alle vegflatene i bua skal brukast til oppslagsplass. I det eine hjørne finn du "kart og turforslag" t.v. og "historieveggen" (t.h.)

Først kom ei utsiktsrampe på plass ut mot og med litt utoverheng mot fossestryka siste haust. Så vart området vestover utvida og før frostnettene sleppte taket, var grunnmuren til informasjonskiosken på plass. Deretter var det 2-dags dugnad og så var bygget over grunnmuren på plass.

(Eit enkelt klikk på bileta og du får sjå dei i STOR utgåve.)

P1040089 Basar og Brua-Parken 010
Først ei utsiktsrampe Så informasjonsbua

 

P1040160

 Urke Grendalag ønskjer sine gjester velkomne til ein god rast,

finne informasjon om sjåverdige mål, turforslag, titte på

historiske bilete og andre nyttige opplysningar om bygda.

 

 

P1040162 P1040163
Gode kart og turtips høyrer med .

Her er ei samling av gamle

bilete og praktiske opplysningar

 lengst t.h.

 

 

Finansieringa er komen i stand ved at Tussa Energi dekte materialkostnaden til utsiktsrampa. Til informasjonsbua fekk grendalaget 10.000 kr. frå Hjørundfjord Bygdemobilisering. Resten er eigenkapital og ikkje minst er det heile eit resultat av dei arbeidsvillige dugnadshendene.

Dersom du er brukar av Norsk Tipping sine tenester, kan du vere med å hjelpe Grendalaget økonomisk ved å registrere Urke Grendalag - org.nr. 994 942 050 - som mottakar av "Grasrotandelen". Dette er ein måte å kanalisere tippemidlar til lokale tiltak - utan at det går ut over dine eigne premiar - om du skulle vere heldig!

VELKOMEN TIL URKE OG BRUA-PARKEN!