10-års skulegang er ferdig og navlestrengen frå Sæbø skule klipt |
Elevane i 10. klasse ved Sæbø skule hadde gjort det meste for at lærarar, foreldre og dei sjølve skulle få ein fin og verdig avslutningsfest etter 10-års skulegang. Og ein flott fest vart det - ein fest som vart avslutta med utdeling av vitnemål. Dette må vi kome attende til.
Men nokre av elevane hadde også sette seg personlege mål - dei ville hoppe frå lemmen på kaia om dei fekk dei karakterane som dei yngste. Og hopp det vart det - i regnbyger, gråvêr og temperaturen i lufta kunne knappast vere over 10 grader. Men heldigvis var det ikkje fast is på sjøen.
Gaute (Holen) var førstemann. Heldigvis kom han seg på land. (Sjå under)
Jakob (Hustad) Klikk på fotoa og du vil sjå på fotoet til høgre at kuldesjokket er nært.
Nina (Hustad) Vi ser at Petter Julius Årseth føler med henne.
Silje (Riise), føffare enn ferja.
Kva følte du akkurat her, Petter Julius?
Om det var gode karakterar som tilsa bading, ville nok underteikna heller hatt dårlegare karakterar....
Kommentarar