P1010025

 

Transporten gjekk veldi greit i år, ein dyretransportbil med fleire etasjer.  Lukkeleg og glad hoppar dei avstad....

P1010030

Ein god ledar er viktig.  Han kjenner råsa og veit kva som ventar.  Dei andre følger fint etter.

P1010035

Med mange gjetarar så går dette fint, ein og annan avstikkar, men dei fangar vi raskt inn.

P1010038

Endeleg oppe på Kvamsedalsfjellet.  Som dokke ser så er der vinter enda.  Tungt og slitsamt å gå på snø for denne gjengen.

P1010041

Fellesbilde 162 stk ;) pluss eine bonden.

P1010042

Flott vinterlandskap.

P1010045

To spreke og kjekke jenter Elen Maria og Nina :))

P1010046

Endeleg sommarferie.....masse god mat og late dagar.

P1010051

Bakerst kjem gjetarane, ein kjekk og sosial tur.

P1010050

Eine lammet var uheldig med å skli ned breden.  Anne viser god omsorg.

P1010053

Askjell er ein god saudebonde.

P1010054

Stakkars. Er du på tur i Kvamsetdalen så sjå om du ser nr 33.  Gjetarane vart bekymra.  Det såg ut til at det gjekk fint.  Ikkje så greit når du først skadar deg i ein fot og i tillegg er veldig sliten!

P1010060

Innerst inne grønt og frodig.

!cid_9BCC75B3D48A42E1B7477817E3FCB2F0@AnneogAskjel

Tilslutt heile gjengen samla: Ove Rune, Mats, Kanutte, Bente, Frøydis, Ingvild, Lasse, Askjell, Nina, Elen Maria, Anne, Sindre og Bernt Arve.

Ein kjekk og fin tur.  Ein får berre håpe at ein er like mange eller kanskje fleire når det blir sanking til hausten.

Sauebondane takkar for all hjelp!!

Tilslutt håpar eg at min kjære far Ola har kosa seg med å sjå på desse bilda ;)