Svært mange av oss kjenner han som den nesten alltid smilande seljaren av landbruksmaskiner på Felleskjøpet. Offisielt heiter han Sverre B Bjørke, men på Bjørke er han mest kjend som Post-Sverre, styrar av postkontoret som han var.
Sverre B Bjørke får tid til det meste - på foto til høgre er han på torskefiske, men laurdag opnar han postutstilling i dei tidlegare lokala til postkontoret på Bjørke. (I huset ved den høgre skuldra hans - til venstre på fotoet).
Fotoa under syner ein del av denne flotte postutstillinga, eller skal vi kalle ho museumsutstillinga? I alle høve stiller Post-Sverre ut gjenstandar som har vore brukt på det no nedlagde postkontoret. Som vi kan sjå under var det også telegraf i huset, men alt dette vil Post-Sverre fortelje mykje meir om både på laurdag og søndag. Det vert garantert gode historier - og løfser.
Post og telegraf - hand i hand.
Men løfsene er det nok Post-Sverre si dotter Alvhild Bjørke Strømme som står for. Post-Sverre er rett nok også kjend som ein løfse-røv, men spesialiteten hans er å ete dei. Som mange veit kan altså Alvhild å lage løfser, men ho vil også ha ei salsutstilling i dei tidlegare postlokala.
Temaet for denne utstillinga er gjenbruk, retro og nostalgi. Alvhild har saumfare mørkeloft, loppemarknadar og gjenbruksbutikkar i jakta på ulike typar stoff som ho har sydd kjolar, teppe, dynetrekk, fargerike klede osb. av. Møt opp og sjå kor vakkert det har blitt.
Her ser vi nokre vakre smakebitar til av salsutstillinga til Alvhild Bjørke Strømme.
Det må her leggast til at Alvhild stiller ute både hekla og strikka gjenstandar i tillegg det det som ho har sauma.
Utstillingane vert laurdag og søndag (26. og 27. juni). Laurdag frå klokka 12-18, søndag frå klokka 13-17. Det er best å parkere ved kyrkja om du kjem til Bjørke med bil.
Post-Sverre og Alvhild ynskjer alle velkomne. Dei legg til at dersom det er nokon som ynskjer å vitje utstillingane utanom opningstid er det berre å kontakte Post-Sverre på tlf. 700 41090, eller Alvhild på tlf. 916 37304.
Kommentarar