Det var etter nyttårsorkanen i 1992 at Hjørundfjord kulturvernlag i samarbeid med grunneigarar og lokale eldsjeler tok fatt på restaureringa av notanaustet. Arbeidet har vore omfattande frå å få bygget attende på murane, kle med båtbord, sage opp og legge golv, skaffe båtar, not og anna utstyr.

Kulturavdelinga på Fylket har bidrege med førti tusen kroner og dugnadsgjengen har lagt ned fleire hundre timar hardt arbeid.

Vi kan no skuve båtane på sjøen og setje nota .

Hjørundfjord kulturvernlag vonar du / de har høve til å delta i den offisielle opninga av Notanaustet på Bjørke. Dette er eit samarbeid med Dei Nynorske Festspela.

Fredag 25. juni 2010  kl 19: 00

Fylkesmann Lodve Solholm står for opninga.

Festspel diktar Rønnaug Kleiva, musikar og songar Guro Håvik ilag med dyktige musikarar tel del ilag med lokale kultur-formidlarar.

Sal av heimelaga fiskesuppe m / brød, kaker og kaffi.

Bill kr 150. Born gratis

Laurdag 26. juni kl 21:00

”Trubadur og kultur i Notanaustet”

Musikar og trubadur Sigbjørn Follestad syter for musikk for alle og einkvar.

Gode minner frå Notanausttida, historier frå anna martimtmiljø og lokale forteljingar.

Sal av snacks, øl, vin og brus.

Bill kr 100.                                                Kle dykk godt.

 

Ein sosial kveld i fantastiske kulissar. Be med andre så de kan samkøyre. Turen til Bjørke og heim att i midtsommarsnatta er trollsk i seg sjølv.

 

Med venleg helsing

Hjørundfjord kulturvernlag v/ Synnøve Hill og  Bjørke grendalag v/ Cecilie Rørstad