Den gamle Tussa-kaia på Bjørke hadde tilsynelatande sett sine beste dagar og då anleggsarbeidet med Leiratunnelen skulle starte var konklusjonen klar - nesten: Kaia frå 1957 måtte fjernast.

Men som nemnt berre nesten.  Då fagfolk gjekk innunder kaia og sjekka ho nærare synte det seg at dei som i si tid hadde bygd kaia hadde gjort eit godt og grundig arbeid.  Mellom anna var kreosotstolpane i god stand. Og kva skjedde så?  I dag har Bjørke ei nyrenovert og vakker kai, finansiert av Tussa.

158 - Kopi
Den nyrenoverte kaia på Bjørke.

No må det seiast at dette slett ikkje er ei "vanleg", kjedeleg kai.  Kaia er framleis i tre, ikkje i  impregnert furu, men det er russisk lerk som er nytta - eit treslag som visstnok skal vare i mange, mange år.

161
Og på landsida av kaia er det sett opp ein ja-benk. I bakgrunnen skimtar vi telefonkiosken Prillar-Guri.

Det er Saure bygg og Rørstad bygg, dvs. Roar Saure og Oddvar Rørstad, som har restaurert kaia.  Jarle Myklebust fjerna gamledekket og skjørtet rundt med gravemaskin. I fylgje mi gode kjelde, Sverre B Bjørke, er det ikkje han som eig båten på det første fotoet.  Båten skal tilhøyre Per Magne Mork.