Den gamle Tussa-kaia på Bjørke hadde tilsynelatande sett sine beste dagar og då anleggsarbeidet med Leiratunnelen skulle starte var konklusjonen klar - nesten: Kaia frå 1957 måtte fjernast.
Men som nemnt berre nesten. Då fagfolk gjekk innunder kaia og sjekka ho nærare synte det seg at dei som i si tid hadde bygd kaia hadde gjort eit godt og grundig arbeid. Mellom anna var kreosotstolpane i god stand. Og kva skjedde så? I dag har Bjørke ei nyrenovert og vakker kai, finansiert av Tussa.
Den nyrenoverte kaia på Bjørke.
No må det seiast at dette slett ikkje er ei "vanleg", kjedeleg kai. Kaia er framleis i tre, ikkje i impregnert furu, men det er russisk lerk som er nytta - eit treslag som visstnok skal vare i mange, mange år.
Og på landsida av kaia er det sett opp ein ja-benk. I bakgrunnen skimtar vi telefonkiosken Prillar-Guri.
Det er Saure bygg og Rørstad bygg, dvs. Roar Saure og Oddvar Rørstad, som har restaurert kaia. Jarle Myklebust fjerna gamledekket og skjørtet rundt med gravemaskin. I fylgje mi gode kjelde, Sverre B Bjørke, er det ikkje han som eig båten på det første fotoet. Båten skal tilhøyre Per Magne Mork.
Kommentarar