Nilsbuda på Sæbø opna laurdag den 29. mai i dei tidlegare lokala til forretninga Nils Haugen.  Som nemnt over stiller drivarane ut-  og sel lokal kunst og handverk. Utstillarane kjem frå både  Ørsta og Volda kommunar samt at dei har fått med ein glasblåsar frå Ålesund. I tillegg til å vere eit sals- og utstillingslokale skal også Nilsbuda drive med rein turistinformasjon samt å vere ein sosial møteplass i sentrum av hovudstaden i Hjørundfjorden.

012
Her ser vi m.a. lys og golvteppe frå Hamna dagsenter i Volda der Anna har sitt daglege arbeide. Over hovudet hennar ser vi glaskunst frå Lillian Stavem, oppå veven bak ser vi strikkearbeid frå Borghild Brekke og dei to keramikkfata på veggen er laga av Rolf Vatn i Hovdebygda.

I dag, søndag, var det Elisabeth Dimmen og Anna Moan som stod bak disken i lokalet og dei er særs godt nøgde med responsen dei har fått til no.  Folk kjem sjølvsagt innom for å nyte det dei ser, evt. kjøpe seg ei svele og ein kopp kaffi, men det har synt seg at mange også kjøper kunst og handverk av dei ca. 35 utstillarane i lokalet.

023  022
Keramikkunst frå Rolf Vatn til venstre.  Vinflaskevarmarar frå Ingvild Åmbakk til høgre.

021
Her har vi eit eksemplar av det som må vere verdens flottaste sitjeunderlag.  Det er Anna som har strikka og tova og Elisabeth(t.v.) lovar at du held deg varm bak sjølv om du legg det rett på snøen og sit der både vel og lenge. 

Nilsbuda har og plass til lokale raritetar.  Anna sitt sitjeunderlag, sjå foto over, er kvalitetsvare.  Det er hanndstrikke og tova.  Det kjende hjørundfjordmotovet er sytt på på på ein spesiell måte etter tovinga.  Eit slikt må ein kvar fjellvandrar ha.

Sonen til Anna, Sivert Robertus, har laga nøkkelhankar og smykker av hjortegevir, dottera Sara Konstanse stiller ut foto.

031 (2)  030 (2)
Sivert Robertus har laga nøækkelhankar og smykker av hjortegevir (t.v.), Annlaug Stokke har utvikla mjølekartongbrettinga utover det å stappe flest mogleg kartongar i ein kartong.  Ho lagar lommebøker og pengepungar i ulike variantar av ulike kartongar (t.h.).

026 015
Tonje Rem syr m.a. forkle og vesker (t.v.).  Har du enno ikkje fått fatt i dei vakre syngedamene til Ingebjørg Rørvik Lejon i Volda, kan du no også få kjøpe dei i Nilsbuda på Sæbø.

Til nettstaden hjorundfjord.no presiserer Elisabeth at Nilsbuda får inn nye varer nærast heile tida.  Mykje vert seldt og nytt vert laga av dei 35 kunstnararane/handverkarane som akkurat no stiller ut.  Og nye utstillarar kan kome til.  Nilsbuda har ope nesten heile tida og skulle der likevel vere stengt ein gong du ynskjer å handle, ja, så heng der ein lapp på inngangsdøra med eit telefonnummer eller to og ringjer du vil det meste ordne seg.

040 043
Til venstre inngangspartiet til Nilsbuda på Sæbø.  Til høgre står biletkunstnar Dina Kolås framfor eit av sine vakre bilete.