Den 1953 meter lange tunnelen mellom Bjørke og Leira på fylkesveg 41 har fått namnet Leiratunnelen og laurdag klokka 14 kunne endeleg Leira- og Viddalfolket - pluss alle oss andre - køyre på rastrygg veg mellom Bjørke og Leira.

028b
Den nye og flotte tunnelen på fylkesveg 41 mellom Bjørke og Leira.

Den store tunnelopningsdagen opna med flaggheising i Storfjordområdet.  Så vart det tunnelmarsj der ca. 300 store og små deltok og fekk tildelt diplom for god innsats.  Men før det igjen delte Tussa ut både flakser med tindekraftvatn og lommelykter trass i at tunnelen er godt opplyst.

016b
Ca. 300 deltok i tunnelmarsjen og....

021 026b
...unge og litt eldre fekk velfortent diplom.  Til høgre Ingunn og Hallvard Natvik

Tunnelmarsjen var eit flott tiltak, men likevel var det nok sjølve opninga av tunnelen som var det store høgdepunktet.  Møre og Romsdal fylke, som eigar av fylkesvegen og tunnelen, stod bak eit flott arrangement.  Rørande var det også og politikarar frå kommune, fylke og Storting hadde møtt opp i hopetal.  Ordføraren vår, Gudny Fagerhol var den første talaren ut og ho meinte at denne dagen var som ei ekstra 17. mai-feiring.  Ho takka og rosa og gledde seg mest på bygdefolket sine vegner som endeleg hadde fått ein rastrygg veg.

064b
Ordførar Gudny Fagerhol meinte at denne dagen var som ei ekstra 17.mai-feiring og ho rosa alle som hadde gjort det slik at ei farleg vegstrekning  no var rastrygg.

086b
Fylkesordførar Olav Bratland var den som kutta snora, men han hadde god hjelp av fem lokale medhjelperar.

Før fylkesordføraren kutta snora fortalde han at det var viktig, og ikkje minst artig, å finne fram til nye reiskapar kvar gong ei snor skulle klippast, dvs. at ein veg, tunnel, bru eller liknande skulle opnast.  Denne snorklippinga var ikkje noko unnatak.  Eit klokt hovud hadde kome fram til at ein stein frå jettegryta kunne brukast og slik vart det. Godt assistert greidde fylkesordføraren og erklære at tunnelen var opna.

093b  096
Sjå der - ved hjelp av ein stein frå jettegryta fekk fylkesordføraren opna tunnelen.

Etter at snora var kutta var det tid for fest.  Ca. 200 inviterte gjestar fekk plass i teltet, men alle vi andre som var tilstades fekk og flott servering.  Vi fekk is, vi fekk brensnut vi fekk marsipankake og vi fekk kaffi i krus som vi fekk tildelt av Møre og Romsdal fylke.  Det vart ein stor dag for oss alle. Og berre så det er sagt.  Folket i Storfjorden har fått ein flott tunell, men det same folket gjorde ein fantastisk innsats slik at vi alle fekk vere med på ein opningsfest vi seint vil gløyme.  Dei skal jobbe godt dei som skal ha ansvaret for Kvivsvegopninga, når den tid kjem, for å få til ein betre fest for alle enn dette.

Vi vil kome attende med fleire saker etter kvart, men nokre foto frå festen vert likevel lagt til under.  Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.

055b 045b
Fylkesordførar Olav Bratland og ordførar Gudny Fagerhol til venstre (og mannen bak heiter?).  På foto til høgre ser vi frå venstre Ola Perry Saure, fylkesvaraordførar Svein A Roseth, varaordførar i Volda Arild Iversen, stortingsrepresentant  Bjørn Lødemel og Terje Myklebust frå Tussa.

056 098b

035 068b

074b  100b
Sigrid Terøy Finnes stod for vakker sang under opninga.  ca. 200 inviterte gjestar fekk plass i teltet...

105b
... men alle andre fekk like god mat.

136
Alle som ville fekk også marsipankake.

114 132
To heltar kvar på sin måte.  T.v. greier Kjetil Rørstad, som var ein av dei mange som var med å skape ein kjempefest, å ete opp ein brensnuttallerken med ei lita teskei i plastikk.  Til høgre Rolf Stormo frå Ørsta, sjå under.

Det siste året er det Rolf Stormo som har hatt det ansvaret for arbeidet med veganlegget og Leiratunnelen.  Det har dukka opp ulike problem undervegs, m.a. ei jettegryte og dårleg fjell, men likevel er budsjettet halde og opningsdagen vart halden akkurat den dagen den var planlagt.  Han har blitt ein populær mann, saman med alle andre anleggsarbeidarane, mellom bygdefolket.  Det er berre å gratulere Stormo og arbeiderane hans for godt arbeid.

180b
Ja, utan tvil var det god grunn til å flagge for den store dagen.