I dag har alle fire laga på Barneidretten på Sæbø vore i Ørsta på Kiwi cup.
Dei yngste starta kl 10 mot Ørsta. Det vart ein kamp med mange mål - og eg trur det fall til Sæbø sin fordel.
God stemning sjølv om det vart våtare og våtare.
Andre kampen var også mot eit Ørsta lag, jamn speling også her. Tredje og siste kampen var mot Volda, som også var jamn.
Alle var slitne og våte då så det gjorde godt for dei som kunne avslutte dagen sin då.
Mykje god speling av fyste klassingane våra !
2 klassingane, Gutar 2002 starta dagen sin 10:30 og gjekk då i kamp mot Ørsta2. Kampen etter var mot Ørsta1 før dei hadde ein lang pause til 13:30 og spelte siste kampen mot Vartdal. I siste kampen fekk dei hjelp av Synne og Ingrid Elise på slutten.
Så scora dei mål :) Thea Karin jublar !
Ein glad trenar for 2 klassngane :)
Ein sliten og fornøgde gjeng med flotte pokalar :)
Tor-Eivind,Johan,Andreas og Jo-Martin bakerst. Karoline og Thea-Karin i midten og Marcus fremst.
Gutar 00 spelte sine tre kampar mot Ørsta2, Volda2 og mot HIL/MIL. Dei kjempa tappert mot Ørsta, spelte jamnare mot dei to andre laga. Dei fekk god hjelp av Maria, Madeleine og Markus. Har desverre ingen bilder frå desse kampane.
Jenter 00 var i kampar frå kl 13:00.
Dei spelte fyst mot Hødd,
Takka fint for kampen slik me alltid gjer
Så mot Ørsta
før dei spelte siste kampen mot Volda. Nysnøen i fjella gav litt ekstra sommarstemning.
Dei passa på og halde varmen
Det var veldig kjekt å vinne mot Volda, velfortjent slutt på dagen for jentene!
Her er Elen, Ingalena,Julie,Madeleine, Ingeborg, Monika og Odd Rune bakerst.
Ingrid Elise, Synne og Thea-Karoline - og Maria fremst.
Sjølv om været ikkje var av den lyse og lette sorten så har me hatt ei fin dag i Ørsta og er godt fornøgde med arrangørane :)
Og kjempeinnsats av spelerane våra !! Trass i at alt var vått og kaldt så stod dei på - Heia Sæbø !!
Kommentarar
Syns det er flott at vi har så flinke oppmenn og trenarar,som tek bilder, legg inn på portalen, organiserer m.m. Supre foreldre :)
Kjekt å lese og sjå bilder for oss som var der... - og spesielt for dei som ikkje var der.
Takk igjen for felles innsats, flinke foreldre :)
Elisabeth Å Dimmen
ivrig sæbø supporter