Først sa både administrasjon og politikarane i Ørsta kommune nei til at Hjørundfjord Fjordservice AS skulle få plassere flytebryggjer utanfor kaia til det gamle samvirkebygget på Sæbø. Men i dag, under klagehandsaminga, snudde politikarane i Samfunnsutvalet og gav Marit Riise Olsen og Oddvar Olsen/Hjørundfjord Fjordservice AS likevel løyve til å legge ut flytebryggjer.
Flytebryggjene til Hjørundfjord Fjordservice A/S vert liggande nedanfor det tidlegare samvirkebyget, dvs. mellom skyssbåten i bakgrunnen og trappa nede til høgre på fotoet. Foto: Ivar Svein Mo.
Foto frå motsett kant, frå sør mot nord. Foto: Ivar Svein Mo.
Oddvar Olsen er no svært glad for at politikarane no har gjeve sitt endelege ja til flytebryggjene. Som kjent har ekteparet Olsen, eigarane av Hjørundfjord Fjordservice AS, kjøpt det tidlegare samvirkebygget for og bygge det om og så satse på utleige av rorbuer. Sjølvsagt er det meint at leigarane skal få fiske frå båt i Hjørundfjorden og då må også utleigebåtane ligge ein stad. Oddvar fortel at det er snakk om flytebryggjer som skal ha plass til seks båtar.
I fylgje Ørsta kommune kan flytebryggjene leggast ut allereie i sommar om ynskjeleg. Dette fordi flytebryggjer ikkje er ramma av byggeforbodet p.g.a. Åkernesremna.
Kommentarar
Skal turistnæringa og næringslivet på Sæbø få den nødvendige omsetningsauka om sommaren, må der kome besøkande både frå sjø og landeveg og eit aktivt kaiområde kan skape liv, desse viktige sommardagane.
Det er litt betryggande at når berre medlemmane i Samfunnsutvalet vart gjort oppmerksom på kva som held på og skje, ved å fylgje administrasjonen sitt syn, så snudde dei samstemmigt. Dette er no våre beste politikarar som sit der og skal ha eit litt vidare syn enn oss andre!
Oddvar og Marit og alle oss andre, gratulere med dagen, håper ikkje all energi er brukt opp for å kjempe mot byråkratiet i Ørsta kommune.
Dette vil bety meir liv i sentrum, men viktigast er det at Oddvar og Marit sine planar ikkje fra det som skal vere samarbeidspartnar, kommuna, vart hindra.
Skulle blott berre mangle!
Eg og mange er glade saman med dykk, Marit og Oddvar!