Gunnar-råsa og Storenakken.
Vi møttest som vanleg i Fonnvernet, og flokken vart større og større ettersom klokka nerma seg 1800.
Tolv stykke var vi når vi starta og gå, sola skein og det var eit fantastisk turvêr.
Rett etter vi nådde granskogen kom Hilde i fullt firsprang etter oss, vi tok oss ein kvild ved skogheksa som står og passar oss i allslags vêr.
Haldis, Hilde og Alvhild bak.
Her er vi ved vinterboka som ligg ca halvegs i løypa til steinen.
Birgit, Hilde, Alvhild, Haldis og Jorunn.
Etter ei stund fekk vi nyss om at det var to til nede i løypa som ville vere med, det var Bente og Petra som tok oss raskt att, og då var vi femten i talet.
Jorunn, Birgit, Norunn, Kanutte, Ann Helene, Helga, Haldis, Jonny, Arne, Bente, Petra, Hilde, Gunnar og Alvild.
På rekke og rad nesten til topps.
Hilde, Ann Helene, Kanutte og Jonny tok av mot Hjellen når vi kom på Sæbøåsen, dei var på leit etter åseråsa, og den fann dei.
Vi andre kryssa Skonndalen, som de ser var der framleis ed god del snø i dalen.
Bakerst i bildet fristar Dalegubben, vi skulle hatt med ski og boltre oss litt i snøven.
Her er vi på Storenakken, sola har gått ned, men det er framleis varmt.
Helga, Birgit, Bente, Alvhild, Jorunn, Norunn, Petra, Arne og Gunnar.
Tusen takk for følge på ein flott tur.
Neste Måndag er det Olavshola.
VEL MØTT!
Kommentarar