Hjørundfjordheimen og Hjørundfjord kyrkje samarbeidde denne helga, som var 4. sundag i treeinighetstida, ved å arrangere utegudsteneste. Ei gudsteneste ved Hjørundfjordheimen gav mange av bebuarane anledning å delta, som ellers har problem ved å kome seg til kyrkja.
Fram imot 70 personar hadde møtt fram til utegudstenesta ved Hjørundfjordheimen søndag 20.juni.
Det dårlege véret som har vore dei siste dagane har gitt ei viss spenning om korleis dette kunne gjennomførast, men søndagen kom med nesten blå himmel og dermed kunne plan B om å flytte gudstenesta i hus avlysat. Sjølv om der kom nokre typisk nordavér-dråpar frå oven, som knapt nok merkast, var det lunt og fint i den sydvendte kråa ved heimen.
Foreldre, born og faddera.F.v.: Tom André Holen, Oliver Nyland Holen, Marianne Nyland,
Ingun Hjorthaug, Svein Ivar Holen, Synnøve Mo med dåpsbarnet Andrine
Sofie Mo Holen og Sokneprest Rolf Dyrhol. Framme: Marte Nyland Holen og
Sandra Mo Holen. Kristine Godø og Hallvar Mo var også faddera, men kunne ikkje være tilstades denne dagen.
![]() |
Sokneprest |
Det var soknepresten i Hjørundfjord, Rolf Dyrhol, som fungerte som både prest og klokkar ilag med organist Marie Mundal Austrheim som også var ansvarleg for lyd. Tema for dagen var Luk 15, 11-32, som var forteljinga om den bortkomne sonen
Til ein kyrkjelyd på snart 70 frammøtte opna gudstenesta med dåp og dåpsbarnet var Andrine Sofie Mo Holen som skulle berast til dåp denne dagen.
Til slutt tok Knut Aamås ordet og takka dei frammøtte påvegne av Hjørundfjordheimen.
-Ein særdeles vellukka gudsteneste sa han, og han ville gje spesielt organist Maria Austrheim ros for god musikk og den gode lyden som gjorde at alle fekk med seg dagens gudsord. Eg vil gå inn for at dette skal verte eit årleg føretagende, sa han. Noko som Soknepresten ikkje hadde noko imot å støtte han i.
Organist Marie Mundal Austrheim held høg standard på både lyd og musikk.
Kommentarar